mandag 30. april 2012

Botanisk hage i Dublin

Det er eit par veker sidan me var i Dublin på påskeferie, men eg syns nesten eg må dele bilda frå den botaniske hagen. Eine tanta mi bur rett i nabolaget, så ein tur i "The Botanics" er fast tradisjon under Irlandsreisene våre. Men det er første gongen eg var der sånn på vårparten, spennande å sjå ein hage ein kjenner best frå sommaren eit par månader tidlegare! Denne hagen, eller parken som det vel egentlig er, ligg relativt nært sentrum og er eit must for alle hageinteresserte som skal ta turen til Dublin. Den blei anlagt i 1795-1800, ein hage med tradisjonar med andre ord. Den er kanskje spesielt kjent for dei nydelig restaurerte glashusa:



Palmehuset

Nydelig, fylt eldkvede

Tulipanblomstringa på topp i starten av april

Narsisser og scilla i plenen i arboretavdelinga

Veksthus i nyttehageavdelinga

Innvendig i veksthuset, espalierte ferskentre mot murveggen og druer mot glasveggen

Urtehage i nyttevekstavdelinga, fint med dei små "båsene" av buksbomhekkar

Misteltein i tretoppane

Narsisser langsmed elvebredda



Elva går over til eit lite vatn

Veldig tidlig peon i Kinaavdelinga

Gamle, krokete viftelønner i fjellhagen

Desse stauderabattane er eit syn sommarstid! Som å gå mellom to blomstrande veggar.

Denne blomstra no, kva kan det vere? Fine fargeskiftningar.

Formklipt Forsythia på fasaden ved inngangspartiet

13 kommentarer:

  1. Nesten så en kan vurdere å emigrere :) Takk for titten og god 1. mai!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, spesielt når ein tenker på kor mykje lengre sommarsesongen er der enn her. Og så forteller dei at dei ikkje hadde frost sist vinter - då er det rett før eg er flytteklar!

      Slett
  2. Nydelig park og glasshusene var virkelig imponerende!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er dei virkelig. Palmehuset er visst teikna av same arkitekt som teikna det i Kew Gardens, så det er vel ikkje så rart då.

      Slett
  3. Tusen takk for fine bilder og et godt tips. Jeg setter pris på å lese om interessante parker og hager rundt om i verden.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra, det er jo moro å vise fram bilder av stader ein har vore - men eg veit ikkje om det alltid er like interessant for andre.

      Slett
  4. Veldig interessant å høre om botaniske hager i verden. Fine bildet! ;) Skal snart besøke den botaniske hagen i Amsterdam, kommer nok til å blogge om det :)

    SvarSlett
  5. Så fantastiske bilder. Når en ser veksthuset, får en nesten en arabisk følelse!

    SvarSlett
  6. Veldig artig å få være med på en rundtur i parker man ikke har sett sjøl - her var det mye flott.

    Har vært innom på sidene før, men nå legger jeg meg som følger og i bloggrollen, så finner jeg lett tilbake til Blåbærhagen.
    Morsomt å følge hønseprosjekt og fugle"læring". Stikk gjerne innom www.borgeinorge.no som er fuglesidene til mannen min. Det er utrolig flott fugleliv nå om våren før hekkesesongen tar til i busker og kasser.

    Ha en flott uke :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Eg har sett dei fine puslespilla med fuglar på før, så morsomt at det er mannen din. Visst er dei ivrige no, fuglane, det er ein nytelse å sitte ute om kveldane og høyre på dei.

      Slett
  7. Flotte og inspirerende bilder! Jeg skulle gjerne hatt en sånn steinmur i et drivhus! Det er jo både flott og funksjonelt siden steinen tar opp solvarme om dagen - og avgir den om natten :-)
    Jeg hadde ikke sagt nei til de gamle viftelønnene heller... De var fantastisk vakre!
    Takk for at du delte fra Dublin botaniske!
    Stein

    SvarSlett