I påska var me i Irland, ei veke med våren på forskudd var slett ikkje å forakte! For der var den verkeleg i full flor. Riktignok sa dei det var ekstra tidleg i år, men dei låg minst ein månad foran oss her på Vestlandet. Kirsebærtrea sto i full blom, påskeliljene var for det meste ferdige, og tulipanane var i ferd med å nå toppen.
Berre det å gå tur i nabolaget i søndre Dublin var som ein hagevandring, det er nemlig blomstrande tre langs så og seie alle gater. Kirsebær, prydeple, hagtorn, magnolia og så vidare gjer eit mangfold og ein fargeprakt i gatebildet som er utruleg vakkert.
Sjølv om mykje av tida gjekk med til å treffe familie i ulike variantar (eg er halvt irsk) vart det også tid til nokre riktige hagebesøk - eitt av dei i praktfulle
Marlay Park. Som barn tilbrakte eg lange sommarferiar i Irland, og eit besøk i denne parken var alltid populært. Det var opprinneleg eit gods med hus og hage anlagt på slutten av 1700-talet.
No er dei eigd av staten, og parken er eit populært rekreasjonsområde. Her finn du store grøne enger, skogholt med stiar som snirklar seg rundt dei eldgamle bøketrea, ei lita elv som utvidar seg til små innsjøar her og der, og nydelige små steinbruer som kryssar elva.
Då eg var liten syns eg det var som eit eventyrland der ein aldri visste kva som kunne dukke opp rundt neste sving. Om dette slottet hadde vore der på den tida trur eg lykka mi hadde vore komplett:
Men alle dei krokete, eføydekte gamle bøketrea er i grunnen magiske nok i seg sjølv.
Turen gjennom parken var flott, den. Men då me hadde gått runden og nærma oss hovudhuset igjen, viste det seg at "
the walled gardens", som alltid var stengte før, i seinare tid har blitt restaurert og opna for publikum. Me måtte sjølvsagt inn og blei aldeles slått i bakken av kor fint det var. Det var ein stor hage med frukt og grønsaker, og ein litt mindre med prydplanter og orangeri. Alt var sett opp i ein stram og formell stil som det høver seg ein 1700-talshage, men plantane var akkurat passe uregjerlige til å mjuke opp det rigide rammeverket. Eg trur eg berre set i gong eit aldri så lite bilderas:
|
Ein del av kjøkkenhagen, sjå dei flotte trea på utsida av hagemuren! |
|
Mange ulike eplesortar på espalier, bærbuskar på geledd til venstre |
|
Lavendelhekkar langs eplerekkene, og to fine lysluggar som leikar i grusen (dei var altså medbrakt) |
|
Pære (?) espaliert opp mot muren |
|
Fersken og nektarinar mpt muren, urter foran. Bak i hjørnet ser de eit fikentre! |
|
Epletunell |
|
Strenge buksbomhekkar innimellom. Og muren er jo så fin i seg sjølv. | | |
|
| |
|
Prydhagen |
|
Store staudebed langs muren |
|
Kunne denne karen funne ein betre plass å posere? |
|
I eit hjørne var det også ein liten skogshage, med små tre, formklipte buksbomkular og skogbunnsplantar. Masse helleborus! |
|
Euphorbia og forglemmegei |
|
Orangeriet |
|
Inngang til orangeriet |
Skal tru om jenta blir like plantegalen som mora? Det ser ut til at interessa er der så langt i alle fall.
Takk for titten. En tur til Irland høres deilig ut. Jeg kjente veldig på det i påsken, at akkurat en sånn tur hadde vært tingen. Men da var det jo litt seint å komme på det... Men neste år! God uke til deg!
SvarSlettTakk for flott omvisning i parken. Tydelig at våren var kommet mye lengre der enn hos oss. Skulle gjerne hatt det litt varmere etterhvert.
SvarSlettHa en fin ny uke!
Nå fikk jeg virkelig lyst til å dra til Irland! Vi har snakket om det en stund, faktisk, kjæresten var der ifjor - på festival med datteren - og alt han snakket om da han kom hjem var fine hager & parker som han skal vise meg når vi drar tilbake.. :D
SvarSlettDen eventyrstammen i parken var fantastisk da!
Ja, om ein vil på hageturne er det rette plassen å reise! Kansje eg kjem med eit innlegg til etterkvart, om den botaniske hagen i Dublin.
SvarSlett