Det er eit par veker sidan me var i Dublin på påskeferie, men eg syns nesten eg må dele bilda frå den botaniske hagen. Eine tanta mi bur rett i nabolaget, så ein tur i
"The Botanics" er fast tradisjon under Irlandsreisene våre. Men det er første gongen eg var der sånn på vårparten, spennande å sjå ein hage ein kjenner best frå sommaren eit par månader tidlegare! Denne hagen, eller parken som det vel egentlig er, ligg relativt nært sentrum og er eit must for alle hageinteresserte som skal ta turen til Dublin. Den blei anlagt i 1795-1800, ein hage med tradisjonar med andre ord. Den er kanskje spesielt kjent for dei nydelig restaurerte glashusa:
|
Palmehuset |
|
Nydelig, fylt eldkvede |
|
Tulipanblomstringa på topp i starten av april |
|
Narsisser og scilla i plenen i arboretavdelinga |
|
Veksthus i nyttehageavdelinga |
|
Innvendig i veksthuset, espalierte ferskentre mot murveggen og druer mot glasveggen |
|
Urtehage i nyttevekstavdelinga, fint med dei små "båsene" av buksbomhekkar |
|
Misteltein i tretoppane |
|
Narsisser langsmed elvebredda |
|
Elva går over til eit lite vatn |
|
Veldig tidlig peon i Kinaavdelinga |
|
Gamle, krokete viftelønner i fjellhagen |
|
Desse stauderabattane er eit syn sommarstid! Som å gå mellom to blomstrande veggar. |
|
Denne blomstra no, kva kan det vere? Fine fargeskiftningar. |
|
Formklipt Forsythia på fasaden ved inngangspartiet |
Nesten så en kan vurdere å emigrere :) Takk for titten og god 1. mai!
SvarSlettJa, spesielt når ein tenker på kor mykje lengre sommarsesongen er der enn her. Og så forteller dei at dei ikkje hadde frost sist vinter - då er det rett før eg er flytteklar!
SlettNydelig park og glasshusene var virkelig imponerende!
SvarSlettJa, det er dei virkelig. Palmehuset er visst teikna av same arkitekt som teikna det i Kew Gardens, så det er vel ikkje så rart då.
SlettTusen takk for fine bilder og et godt tips. Jeg setter pris på å lese om interessante parker og hager rundt om i verden.
SvarSlettSå bra, det er jo moro å vise fram bilder av stader ein har vore - men eg veit ikkje om det alltid er like interessant for andre.
SlettVeldig interessant å høre om botaniske hager i verden. Fine bildet! ;) Skal snart besøke den botaniske hagen i Amsterdam, kommer nok til å blogge om det :)
SvarSlettTakk, det må du gjøre!
SlettSå fantastiske bilder. Når en ser veksthuset, får en nesten en arabisk følelse!
SvarSlettJa, det har du rett i!
SlettVeldig artig å få være med på en rundtur i parker man ikke har sett sjøl - her var det mye flott.
SvarSlettHar vært innom på sidene før, men nå legger jeg meg som følger og i bloggrollen, så finner jeg lett tilbake til Blåbærhagen.
Morsomt å følge hønseprosjekt og fugle"læring". Stikk gjerne innom www.borgeinorge.no som er fuglesidene til mannen min. Det er utrolig flott fugleliv nå om våren før hekkesesongen tar til i busker og kasser.
Ha en flott uke :-)
Takk! Eg har sett dei fine puslespilla med fuglar på før, så morsomt at det er mannen din. Visst er dei ivrige no, fuglane, det er ein nytelse å sitte ute om kveldane og høyre på dei.
SlettFlotte og inspirerende bilder! Jeg skulle gjerne hatt en sånn steinmur i et drivhus! Det er jo både flott og funksjonelt siden steinen tar opp solvarme om dagen - og avgir den om natten :-)
SvarSlettJeg hadde ikke sagt nei til de gamle viftelønnene heller... De var fantastisk vakre!
Takk for at du delte fra Dublin botaniske!
Stein