søndag 23. november 2008

Vinterland

Det har snødd i Blåbærhagen. Eg er ikkje spesielt glad i vinteren men ok, det er fint med snø. Eit par dagar. På tirsdag er det heldigvis meldt tøver... Hønsegarden (nederst til høgre på det første bildet) er heilt nedsnødd og hønene nektar å gå ut. Eg forstår dei i grunnen godt. Eg skriv hønene i fleirtal, me skaffa oss nemlig to til i helga då me var på besøk hos søstra mi, vår faste fuglepushar. Så no har stakkars einehøna fått selskap, og dei sju kyllingane i kjellaren er også snart store nok til å flytte ut. Kanskje over jul? Neste innlegg byr på bilder av heile hurven, tenker eg.










4 kommentarer:

  1. Eg har venta i dag på vakre vinterfoto. Har ikkje kome meg ut sjølv, tenkte eg skulle kose meg med andre sine opplevingar i dag. Og dine var flotte og vaktre. Som eg var der sjølv :)

    Britt

    SvarSlett
  2. Vinter er vakkert på fjellet......
    November er alt for tidlig for meg, men bildene var vakre. Snøen ligger også her og det er svinkaldt.

    SvarSlett
  3. Eg forstår også hønene godt,sidan dei ikkje kan ta på seg ulltøy og dress. Men er ein godt kledd er det deileg med skikkeleg vinter. Her er det over ein halv meter og 7-8 minus. Litt for kaldt, men heller det enn slaps og regn!

    Koseleg for høna å få selskap :-)
    Og fine stemningsbilete!

    SvarSlett
  4. Ramme Alvor: takk, eg gjør så godt eg kan! Lengtar ofte etter mitt gode gamle speilreflekskamera, foreløpig får det digitale kompaktkameraet duge. Men bilda blir ikkje like bra.

    Randine: Helt enig!

    Dagny: høna trengte absolutt selskap, etter litt innkjøringstrøbbel går det no veldig bra.

    SvarSlett