onsdag 26. november 2008

Tuppene

Eg lovde sist å presentere hønene, so here goes. Bildene er ikkje særlig gode, henholdsvis skarpt utelys i snø og dunkelt kjellarlys er ikkje den beste hjelp ein kan få. Men fuglane har sjarm nok til å kompensere, synest eg! November 146

Den grå (eller blå som det heiter) er av rasen Australorp, det er også den svarte. Det er store, tjukke og gode høner som er rolige og tillitsfulle. Dei verper lysebrune egg, og i forgårs kom faktiskt det første! Eg var bortreist på seminar og fekk ikkje sett det. Det var både frose og knust, så det havna i komposten. Men no ventar me i spenning på det neste, har rigga til varmelys i hønsehuset så hverken tupper eller egg skal fryse, og funderar på om det skal bli hardkokt, bløtkokt eller omelett...

Den grå er den einaste som er igjen etter dei opprinnelege kyllingane våre, men den svarte er klekt i same omgang så dei er i grunnen søstre. Den grå har flotte sjatteringar i fjøra, og den svarte glinsar i grønt og blått. Veldig fine, begge to.

 

 

 

November 145

 

Denne raude er ikkje fullvoksen enno, ho er av rasen Rhode Island Red. Ekstremt tillitsfull, ho kjem og smyg seg  inntil oss når me er borte i hønsehuset, piper og pratar til oss og verkar veldig selskapssjuk. Desse blir ikkje så store som Australorpsene, dei er gode verparar og legg mange mellombrune egg. Nydelig mahognybrun farge på fjøra! Ho kjem nok til å bli eit syn når ho blir stor.

 

 

November 148

Også har me kjellarbuarane, dei har begynt å bli store dei også. Dei største skal nok snart få flytte ut i hønsehuset, men dei minste får vente til etter jul. Det er tre brune italienarar og fire tverrstripa Plymouth Rock. Eg trur ein italienar er hane, og to av dei tverrstripa.  Men sikker kan ein ikkje vere før det kjem enten egg eller hanegal... Italienerane skal vere kjempegode verpehøns, men dei er veldig nervøse og flaksete av seg. Det merkar me godt. Plymouth Rock er kraftigare og roligare, og skal kunne bli ganske tamme. Foreløpig har me ikkje klart å temme dei så godt fordi italienerane blir heilt ute av seg om me prøver å handtere dei for mykje. Me kjem til å beholde ei høne av kvar sort, overskuddet sender me ned på farmen til søs tenker eg.

Me spekulerar ein del på dette med namn. Både eg og mannen kjem frå stødig bondeslekt der ein ikkje driv med sånt fjas som namn på dyra... Så me er usikre på om me vil kunne få oss til å bruke eventuelle namn på hønene. Men det hadde jo vore kjekt, i staden for å omtale dei som den grå australorpen, italieneren osv. Så me får sjå, då må me i så fall komme opp med namn som passar godt, som ikkje er for fjollete og gjerne passar saman på noko vis. Om de har forslag, kom gjerne med dei!

2 kommentarer:

  1. Ja det var flotte høner !

    Av desse har eg tidlegare hatt alle så nær som Italienerane, (nettopp fordi dei er nervøse av seg av natur).
    Australopsen er jo kjend for å vere den absolutt mest verpande hønserasen, når ein ser bort frå reine kryssningar som er avla fram kun med det mål å gje mest egg på kortast mulig tid ! Rolege og kjekke høner.
    RIR - som du seier skikkelig tillitsfulle og lette å bli perlevenner med !
    Plymoth Rock var også ei tillitsfull og kjekk høne.

    Når det gjeld namn er det jo kjekt med namn på dei då akkurat som hund og katt.
    Mine forslag er :

    Australopsen "EDNA" etter Dame Edna det er jo ein hønserase som er framavla i Australia.

    Italieneren oppkallast etter ei romersk gudinne feks. Juno som var kvinnens skytsengel i romersk mytologi.

    Plymouth Rock og RIR er amerikanske rasar og kan få amerikanskrelaterte namn....

    SvarSlett
  2. Takk for fine forslag, hajal! Eg har tenkt på Matilda for ei av australorpene, nettopp fordi det er ei australsk rase. Edna er ikkje så dumt, heller!

    SvarSlett