tirsdag 13. november 2012

Haustsalat frå kjøkkenhagen

Me har ikkje blogga mykje om kjøkkenhagen i år, men den har vore der. Ikkje stor, og ikkje særlig velstelt, men relativt produktiv. Neste vår skal eg virkelig sette inn støtet der, då skal eg ha permisjon og vere heime med minstemann som er venta i februar. Nettopp på grunn av denne minste er eg faktisk heime med sjukmelding no også, rygg- og hofteproblem gjer at dagane blir tilbrakt mykje i sofaen.

Men her om dagen halta eg meg ut til kjøkkenhagen for å dra opp eit par gulrøtter og plukke litt grønnkål, for å lage ein salat som me har ete mykje no i haust. Oppskrifta er basert på eit par ulike kjelder, men eg har etterkvart modifisert den såpass at eg kallar den min eigen og publiserar den her. Eg syns at det vanskeligste med kjøkkenhage er å faktisk bruke det du dyrkar, derfor skal forsettet for neste år vere å finne fram til gode oppskriftar som funkar i kvardagslivet, og samle dei her i bloggen. Dette er altså første:

Haustsalat med grønnkål, gulrot og eple


3 ss eplesidereddik
1-2 ss honning
1 ts sennep, f.eks. Dijonsennep
3 ss rapsolje
salt og pepper

6-7 store grønkålblad
2 eple (gjerne syrlege)
2-3 store gulrøtter

2 ss sesamfrø

Visp saman eddik, honning, sennep, olje, salt og pepper til ein dressing.

Finsnitt grønkålen og bland den i dressingen, la det gjerne stå og marinere ein times tid. 
Riv eple og gulrot og bland i. 

Rist sesamfrøa i ei varn, tørr steikepanne til dei er gyldne på farge, rør godt heile tida så dei ikkje blir svidd. Bland i salaten og server, gjerne til steikt fisk eller fiskekaker, då burde dette holde til ca 4 personar. Den held seg også godt i kjøleskapet til neste dag om det skulle bli rester.

Grønkål har godt av å stå og "trekke" ei stund i olje/eddikdressing synest eg, då blir den ikkje fullt så røff. Den er også veldig godt med noko søtt til grønnkål. Her er det honningen og epla som står for det søte, men det kan også vere godt med tørka frukt som rosiner eller aprikoser i ein grønkålsalat.





4 kommentarer:

  1. Dette ser godt ut!
    Jeg har bare brukt grønnkålen kokt/stekt hittil. Vi har også hatt grønnkål og gulrot i hagen i år. Gulrøttene mine er dog langt mindre. (Jeg skylder det på den tunge leirjorda.)
    I høst kjøpte jeg drivhus på tilbud, så neste vår blir det babypermisjon med spennende hagesesong også her i huset.

    SvarSlett
    Svar
    1. Du må prøve den rå, det er veldig godt. Men som sagt er det greit å la den marinere litt. Du får fylle på med sand i gulrotbedet neste år. Så spennande med drivhus, det skal bli ein fin sesong!

      Slett
  2. Den salaten så skikkelig deilig ut : ) Ingenting er som selvdyrkede grønnsaker! Lykke til med lillespiren : )

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Marit! Det er sant det, smakar liksom ekstra godt når maten er frå egen hage.

      Slett