tirsdag 14. februar 2012

Oransje mure

No har eg holdt aktivt på med hage i om lag ti år. I løpet av den tida har eg hatt mange ulike planteinteresser, eg har drive og dilla med skjøre artar som må vinterdekkast og tas inn i varmen, frø som skal inn og ut av kjøleskapet eit antal gonger for å spire, roser som må stellast og nappast og pussast for å halde seg fine. Og no når eg i løpet av denne X-faktorkonkurransen hos Moseplassen skal velje ut dei finaste plantene mine i alle regnbogens fargar, så viser det seg at det er dei gamle travarane som stikk seg fram. Dei som held ut i åresvis, tåler alt og blomstrar i store mengder. Er det ikkje rart? 

Eg set i alle fall enormt stor pris på desse plantene som gjer at beda mine ser tålig bra ut, sjølv om eg kanskje ikkje har hatt tid eller ork til å luke, stelle og dille. Dagens plante er ikkje noko unntak, det er ei mure som sto her i hagen då me overtok. Det vil seie, eit par små blad stakk opp i ei krå i det einaste bedet som var igjen. Eg såg blada, og tenkte at her var det kanskje noko som var verdt å ta vare på, mellom all lungeurten og skvallerkålen. To heile sesongar tok det før planta hadde kome seg såpass at eg fekk blomar på den, og då var det altså denne oransje mura. Eg anar ikkje kva sort det er, den blomtrar relativt tidlegpå sommaren, ei flott grøn tue som sender opp mengder med blomar på 20-30 cm lange stilkar. Fin, ikkje sant?
 Og når me først er inne på oransje, så må eg berre vise fram dette bildet som dukka opp då eg leita etter dagens kandidat. Ein riktig drama queen av ein blomkarse, fotografert seinhaustes då sola var lav og kasta lange skyggar. Fin den også!

2 kommentarer: