onsdag 25. mai 2011

Hagen i mai

Mai er snart forbi, den begynte bra men siste tida har me vore herja av stormar som eigentleg høyrer heime i november, spør du meg. Til trøst tar eg eit like tilbakeblikk på høgdepunkta i starten av månaden.
Blodrot

Fylt kvitveis, er det 'Vestal' skal tru?

Grøn hybridjulerose, fekk denne som frøplante frå nokon på Hagepraten for minst fem år sidan.

Fylt julerose frå Eides stauder

Blodrips, ein undervurdert gamal travar

Perleblomane er villige og vakre

Småhjerte (eller er det fenrikshjerte?) i kveldssol, også vakker og villig.

Halvfylt gulveis
Elles skjer det mykje i Blåbærhagen for tida. Men det er det mannen i huset som står for, han temmer villnisset av ei tilleggstomt bit for bit, med stor iver. Som nokon kankje har fått med seg kjøpte me nabotomta i vinter, den er på omlag eit halvt mål og består stort sett av steinrøys overgrodd med parklirekne og toppspirea. Men etter kvart som ugraset viker plassen, kjem det fram stadig nye lyspunkt. Ein gong i tida sto det ei lita stove her, ho blei riven på 1960-talet. Hustuftene står igjen, og nokre hageplantar er her også; mengder med storkonvall og nattfiol, og eit buskas med alperips og rognspirea. Me er litt usikre på kven som budde her, i følge naboen var det ei gamal kone. I følge ein annan nabo vart stova bygd tidleg på 1900-talet som ledd i eit prosjekt for å få reisande folk i området til å busetje seg. Me håpar på å finne ut litt meir etterkvart. 

Uansett kven det no var som budde her, har dei brukt mykje tid og krefter på å lempe stein. Det renn ein liten bekk gjennom tomta, og nesten heile bekkefaret er murt opp med naturstein. Elles er det også mange andre slags murar, me anar ikkje kvifor dei er der eller kva funksjon dei har hatt. Men spennande er det, i alle fall! Det er som sagt mannen min som gjør jobben, han er full av idear og entusiasme og har mange store planar for området. Og det skal han få fortelje om sjølv, for han går nemlig no inn som medskribent i bloggen her. Mi eiga hageblogging har jo vore heller laber i seinare tid. Og det er synd, ikkje minst for dokumentasjonen sin del. Men no skal alt bli så mykje betre! De, kjære lesarar (om det er nokon igjen), får ta godt i mot han.

Her er eit par-tre oversiktsbilder frå nyetomta, tatt i starten av mai:
Utsikt oppover mot fjellet (mot vest)
Nedover mot aust, nedre del av bekkefaret
Bekken nesten heilt tørr.
For ein månads tid sidan var f.eks. heile området på det siste bildet overgrodd. Det ser allereie adskillig betre ut, men det ligg nok ein del skumle røtter og lurar under skorpa. Me får ta det etterkvart, uansett trur eg det blir fint! Tenk deg dette bekkeløpet i friskt fall, med frodige hosta og iris langs med sidene, øverst ein oppdemt andedam, og nedanfor den ei lita bru over bekken. Du og du.

4 kommentarer:

  1. Så mange vakre bilder du har tatt! Spesielt julerosene var nydelige.

    SvarSlett
  2. Så mye fint som blomstrer i maihagen. Spennende med større tomt og bekk i hagen.

    SvarSlett
  3. Flott blomstring i maihagen hos deg. Nydelig blodrot, den har jeg nettopp anskaffet.
    Spennende med den nye tomten, så mange muligheter, med egen bekk til og med. Artig at tomten har en historie og har vært bebygd før. Spennende om dere finner ut mer om det.

    SvarSlett
  4. Spenstig pprosjekt de er i gang med! Og så fine bilder! Sjøl vart eg nostalgisk over blodripsbildet. Blodrips hadde eg i hagen her for mange år sidan, men vintrane vart for tøffe for busken. Ein nydeleg busk som burde brukast meir!

    SvarSlett