mandag 2. mars 2009

Sein vår i år

Våren kjem seinare i år enn han gjorde i fjor, ser eg når eg går gjennom gamle bilder. Det har vore kaldt lenge no. Klosterklokkene sto i ei potte på trappa i fjor, og blomstra når bildet blei tatt 11. februar. I år står dei i jorda og viser såvidt blomane sine. Men dei er ikkje utsprungne enno.


Bildet av krokusen tok eg 3. mars i fjor, eg huskar godt at eg ved eit uhell brakk ein av stilkane og tok difor inn blomen. Det var så fint at eg bestemte meg for å gjøre det til ein tradisjon å alltid ha ein einsleg krokus inne, eg har jo nok å ta av. Hvis dei berre ville kome fram, då... Men får me ei stund med mildver no så trur eg det vil hjelpe på.


Me tenker enno på dette med å kjøpe eigedomen bak oss som eg skreiv om for eit par innlegg sidan. Me har vel egentlig bestemt oss for å gi eit bud, men det er så lavt at eg er redd seljaren kjem til å le av oss. På den andre sida så har han jo ikkje fått solgt det enno, han har visst prøvd eit års tid, minst. Eg har vore i kontakt med kommunen som seier at det er bygge- og delingsforbud, dessutan går byfjellsgrensa akkurat her og det betyr at dei er enno strengare på det. Det er vel ikkje mykje av området som er byggbart, heller. Det meste er veldig bratt og utan vegtilgang. Med andre ord er det ikkje så attraktivt reint kommersielt sett, og dermed kanskje ikkje så lett å selje. Det finaste stykket er rett bak hagen vår, ei flate med ein del bjørk spreidd utover, eit par vasshol og mykje gras, mose og blåbærlyng. I mitt hovud er her sjølvsagt hagedam, miniarboret og drivhus allereie... Bildet under er tatt der, ved midtsommar. Fint, ikkje sant?

4 kommentarer:

  1. åå, så spennende da! En "liten" woodlandavdeling ser jeg for meg der :D

    Nydelig krokus forresten :)

    SvarSlett
  2. Krysser fingre og tær for den blivende godseierinnen! :D
    Pussig at våren skal være lenger kommet i sunnmørshagen min? Klosterklokkene mine har noen utsprungne og det er masse tidlige krokus. Har en bildemontasje på gang.

    SvarSlett
  3. Ja, kan du få eit betre potensiale for woodland?!

    Berit; me ligg 170 meter over havet og her har det vore veldig kaldt i år, så det er nok ikkje så rart. I løpet av min halvtimes spasertur til jobb ned mot byen ser eg at det blir gradvis "meir vår". Oppe hos oss i høyden går det litt treigare.

    SvarSlett
  4. Våren er også senere her litt lenger sør...

    Det blir nok et hobbylandbruk (som danskene kaller det), hvis det blir kjøp av mer land.

    Ønsker dere lykke til uansett!

    SvarSlett