søndag 15. februar 2009

Oppstandelse i hønsehuset

Lite fargar i hagen for tida. Desto sterkare framstår gulfargen på denne laven, eit lyspunkt i all snøen. Det kom enno meir i natt, og eg er lei. Eg er med på at det er fint og lyst og vakkert og alt det der, men den gjør jammen kvardagen til eit slit også. Ut om morgonen med vogn og unge, ned bratte, glatte bakkar, må ta bussen fordi det er umulig å gå på føret, bussen alltid overfylt og forsinka, halse avgårde fra busstopp til dagmamma på ubrøyta slapsefortau, avlevere, springe til jobb og komme dit altfor seint. Utan fleksitid hadde det ikkje gått, men minustida må jo også jobbast inn igjen ein gong... uff og uff. Forhåpentligvis får me barnehageplass to-tre steinkast frå huset til sommaren, det vil nok lette på trykket.

I natt, eller grytidleg i dag, vakna eg av eit voldsomt leven frå hønsehuset. I ørska såg eg for meg rev eller andre blodtørstige rovdyr som gjorde kål på hønseflokken. Mannen i huset har vore vekkreist i helga, og eg var ikkje lysten på å springe ut i snøføyka i berre nattkjolen for å jage vekk udyra... men eg kara meg opp av senga og opna vinduet. Då innsåg eg at eg hadde glemt å stenge luka til hønsehuset i går kveld, og det såg ut som om ei av dei hadde forvilla seg ut... For at hønene skal få ei full daglengde med lys, kjem det på ei sparepære hos dei kl. fem om morgonen, den står på til det er naturleg lyst ute sånn i ni-titida. Så i hønsehuset var det flombelysning, og på ein av gjerdestolpane utanfor, med orkesterplass og fullt innsyn gjennom luka, satt altså den stakkars forvilla.

Men når eg fekk gnidd søvnen ut av augene var det tydeleg at det slett ikkje var ei høne men ei kattugle som sat der og stirra inn i varmen! Har aldri hørt om at kattugle har tatt høner, men kven veit, ho er sikkert sulten no i vinterveret. Og eg kan tenke meg at dei såg fristande ut, dei tjukke, gode hønene mine... Eg ropte og banka i glaset, ugla vrei hovudet omlag 180 grader og såg meg, så var ho straks lydlaust på vengene. Eg pusta letta ut og kraup under dyna igjen, men hønene roa seg ikkje før det hadde gått ei god stund. Dei må ha sett ugla frå innsida, og eg skal love at dei slo alarm.

Godt det ikkje var verre denne gongen, eg skal i alle fall bli flinkare til å huske å stenge. Det er heilt sikkert.

10 kommentarer:

  1. Oy, spennende men skummelt! Ugler er flotte fugler, men det skjønner jeg godt at ikke høns synes. ;)

    SvarSlett
  2. Spennende med uglebesøk da! Hvertfall når det ikke blir meir action enn kakling fra hønene :)

    SvarSlett
  3. Ugler er det neimen ikke ofte en ser!
    Nå har jeg sittet og sett gjennom alle innleggene dine, du har jammen mye fint i hagen!
    Ser ut som vi har hus fra samme tid, 1957, y-tong med panel på- hagen vår blei (dessverre) anlagt av anleggsgartner på 70-80-tallet, så her er det ingen spennende planter fra fordums tid- bare berberis, rosa rugosa og potentilla i lange baner...(og noe fint som gigantiske hurdalsroser og snøbærbusker, da)
    Og angående klesvanene til småpikene- nakenperioden med tilhørende tissing både her og der blir tidsnok avløst av prinsesse/joooosa!-tiden, som faktisk avløste nudistperioden over natta rett før jul her i gården.
    Vet ikke hva som er verst, men det er nok bare noe de må igjennom :)

    SvarSlett
  4. For mange år siden, mens svigermor hadde hønene sine i et fjøs like bortenfor soverommet vårt, våknet vi til et skikkelig rabalder grytidlig en vårmorgen. Da jeg glyttet ut fikk jeg se et syn jeg ikke kommer til å glemme. Inne i utegjerdet til hønene satt en grevling på rompa og tok for seg av gjerdets delikatesser. da vi fikk summa oss litt, stod Leif Magne opp og fann frem mauseren. Grevlingen ble skutt før han hadde fått gjort kål på alle hønene, men vi måtte likevel avlive mange av dem som var igjen. Ingen hyggelig opplevelse, men likevel en opplevelse jeg ikke har villet være foruten.

    Alle rovfugler, som andre rovdyr er fasinerende på avstend, men kommer de for nære, er det ikke hyggelig lenger. Jeg hadde en liten spurveugle på vindussprossene her i vinter - det var bare hyggelig :-)

    SvarSlett
  5. Ja, spennande med ugle. Sannsynlegvis var det eit medlem av uglefamilien som budde her i nærheita i fjor sommar. Kvar kveld/natt var uglemor ute for å lære dei to ungane å fly, og dei øvde seg på uglelyder rett utanfor soveromsvinduet vårt! Eg og mannen satt ofte ute på kveldane og då fekk me som regel sjå dei.

    Jonna: ikkje mykje gamle planter igjen i min hage heller, men ein del fine løkar og buskar, deriblant snøbærbusk som eg først synest var rotete men no har blitt veldig glad i! Godt å høyre at nusistperioden går over, ho burde heller hatt den på sommaren når det var temperatur til det...

    Ingrid E: Selsom, men sikkert fascinerande opplevelse! Visste ikkje at grevlingar går på hønsejakt. Eg har aldri sett grevling sjølv, det hadde vore noko!

    SvarSlett
  6. Action på nattestid i Blåbærhagen skjønnar eg : ) Høyres så koseleg ut med høner, eg har ei søster som og driv med det. Og det er egg over alt!

    Ellers er eg enig med deg at snøen godt kan reise no. No er eg klar for vår (litt tidleg kanskje..) Her smeltar den for kvar dag som går, men det går tregt. No er det jo ikkje stas lenger i det heile tatt, berre slaps.

    SvarSlett
  7. Blei det egg etter denne hendinga her? Er det ikkje slik at dei tek pause når dei blir skikkeleg skremt, eller er eg på villspor?

    Artig og fasinerande å lese, men sikkert ikkje så gøy for hønene. Godt at det enda bra :-)

    SvarSlett
  8. Sjokket var visst ikkje så stort for egga kjem som vanleg, nesten to om dagen. Det er berre to av hønene som verper enno, men eg reknar med at dei andre fem snart er gamle nok. Så då blir det meir egg enn me kan bruke sjølve, til glede for slekt og venner reknar eg med!

    SvarSlett
  9. Heisan! Jeg måtte jo besøke bloggen din og kommentere når jeg ser at du har en blogg det er lett å legge igjen kommentarer på! :)
    ... men første forsøk gikk ikke. Jeg brukte open ID og da krevdes det at jeg var innlogget. Nå prøver jeg med den (forhåpentligvis) enklere varianten navn/nettadresse.

    SvarSlett
  10. Jippy! Det funker akkurat som når man legger igjen kommentarer på wordpress. Yes! *stort blogge-smil*

    SvarSlett