lørdag 7. mars 2009

Eg gler meg

No står alle Helleborusane mine i knopp. Dei treng berre ei periode med mildver så er dei på plass, trur eg. Eg veit at eg har fem, men eg kan berre finne igjen fire av dei. Fattar ikkje kvar den siste har tatt vegen, eg kan ikkje heilt huske kvar den blei planta heller. Men skulle jo tru eg hadde sett teikn til den no… Hvis den har gått ut i vinter burde eg jo finne restar, vel? Så eg har eit lønnlig håp om at den kjem til å dukke opp ein eller annan stad.

Mars 007 Mars 008 Mars 005

Eg innvilga meg ein vinterferiedag på torsdag etter nøye overvåking av Yr. no. Det viste seg å vere eit klokt trekk då torsdagen var ein nydeleg dag mens fredagen, som var alternativet, var kald og våt. Så torsdag var årets første skikkelege hagedag. Eg begynte så smått å klippe på nokre tørre pinnar, og før eg visste ordet av det hadde eg rydda heile bedet for rusk, rask og restar. Det hadde eg egentlig tenkt å vente med i tilfelle det skulle bli skikkelig kaldt igjen. Men når eg først var i gang kunne eg like godt halde fram, så no er alle stauder klipt ned og klare for våren. Og dei første brunsneglane som sikkert snart dukkar opp får færre skjulestader i beda mine…

Mannen i huset rakte ein stor haug med mose opp frå plenen og kasta den inn i hønsegarden. Hønene var strålande fornøyde med det mjuke, grøne teppet sitt, hønsegarden var blitt temmeleg trist og gjørmete etter vinteren. Kyllingane frå i fjor haust er blitt store og stadig fleire kjem i verpemodus. Dei tre hanane har begynt å gale om morgonen så det spørs kor lenge dei blir verande. Men denne karen er så staseleg at der fristande å behalde han. Det er ein brun italienar, og han er foreløpig roleg og snill. Han passar godt på hønene og leitar fram godbitar til dei. Og best av alt; stemma er ikkje så kraftig så risikoen for å vakne til hanegal kl fire om natta er dermed ikkje så stor!

Mars 038

8 kommentarer:

  1. Det var ein staseleg herremann. Flotte fargar på han.
    Eg hadde og lyst til å begynne på bedrydding no når det har vore så fint ver, men med tanke på kanskje meir snø og kalde netter let eg det vere.

    Ha ei fin helg!

    SvarSlett
  2. Ja der var flott hane. Koselig med hagehøns som gjev liv og røre, men med mange hanar kan det bli litt vel mykje lyd om ein har nære naboar.

    Er på jakt etter ein Wyandotthane eg.. .. trur eg må satse på å kjøpe rugeegg.

    SvarSlett
  3. Ja, visst er hanen flott. Søster mi har ein fantastisk svart gullranda wyandottehane, hajal, men diverre ingen høner som "passar til". Ho har fått hanen frå ein som driv wyandotteoppdrett på Stord, så om du ikkje får tak i på anna vis kan eg sikkert vidareformidle egg eller hane til deg!

    SvarSlett
  4. Har byrja å rydde i bedda eg og, det nyttar ikkje å "berre ta litt" - er ein først i gang så er det berre å kjøre på! Flott kar du har i hønsegarden, ettertrakta blant det kvinnelege kjønn den der vil eg tru : )

    SvarSlett
  5. Ja det hadde vore all right, har kontakt med ein i Trøndelag ang. egg, men han har høns som stammar frå meg så det hadde vore betre å fått nokre som ikkje har samme avstamning.
    Takk for tilbudet ! :)

    SvarSlett
  6. Heldige du, eg har framleis ein halv meter snø i hagen min... :-(

    SvarSlett
  7. Det var en staselig kar :) Kan tenkte meg han blir stor og flott når han har vokst seg til.
    Har en austrlorps hane fra i fjor sommer og da jeg fikk han før jul så han ut som en høne... Nå går det rette veien og han har blitt breiere over ryggen og fått mer hane fasong.

    Hadde en cockinhane i samme farge som den din og det er en nyyydelig farge. Tar seg veldig godt ut i sola. Hmmm sol :D

    SvarSlett