mandag 29. september 2008

Nye planter

I dag kom plantene eg har bestilt frå Jensen si planteliste, der er det haustsalg på masse spennande og uvanlege vekster. Eg var ganske beskjeden i bestillinga, og i ettertid gremmer eg meg vel egentlig over at eg ikkje bestilte meir. Hosta 'Blue Mouse Ears' for eksempel. Men det får så vere, eg fekk jo mykje fint, då:
1 Angelica 'Ebony'
1 Athyrium nipponicum 'Pictum'
1 Carex 'Ice Dance'
1 Geranium 'Blue Sunrise'
1 Iris chrysographes 'Black Form'
1 Iris sibirica 'Snow Queen'
1 Iris sibirica 'Roanoke's Choice'
1 Viola sororia 'Rubra'

Så no håpar eg på ein fin ettermiddag snart så eg kan få det i jorda. I dag høljar det og hagen er eit gjørmebad...

2 kommentarer:

  1. Send meg epost, marian@blv.no ang. Trillium. :)

    SvarSlett
  2. Den hostaen hadde han ikkje igjen, for eg bestilte den nemlig. Vi skal vel klare å huke tak i ein rotbit likevel vi, før eller seinare...

    SvarSlett