mandag 15. september 2008

Hønene våre

Enkelte vil kanskje huske at me har høner i Blåbærhagen, eg har skrive om då me fekk kyllingar i vår. No er det visst på tide med ei oppdatering. Av seks kyllingar viste det seg at fire var hanar... Dei har begynt å vekke oss med galing om morgonen og kva skal eg seie... dei blir nok ikkje gamle hos oss. Men flotte er dei! Me har heldigvis avtale om å få "bytte inn igjen" den eine, søstra mi vil ha ein svart hane og kan gi oss ei svart høne i staden. så kan me supplere med eit par høner til neste år. September 110

Lenge har dei stakkars fuglane levd i eit veldig provisorisk hus. Skjønt hus er vel å overdrive, kasse er nok meir beskrivande. Men dei har hatt ein fin og stor hønsegard, og på sommaren har det ikkje vore så farlig korleis taket over hovudet såg ut. Men no nærmar vinteren seg og fuglane er blitt altfor store for det vesle skjulet, så me har endeleg fått på plass eit skikkeleg hønsehus. Steg-for-stegbilder av byggeprosessen følger i eige innlegg seinare. Hønene har levd herrens glade dagar i helga då huset endeleg vart sett på plass, dei fekk nemlig gå fritt i hagen mens den nye hønsagarden blei sett opp. Me måtte jage dei frå kjøkkenhagen eit par gonger men elles gjekk det overraskande greit, dei heldt eg i utkanten under nokre buskar, og storkoste seg. Veldig dekorative, synest me. Dei to brunspettete er av rasen Wyandotte, den lyse Isbar og dei tre grå og svarte er Australorps.

August 079 August 108 August 364 August 100 August 371

7 kommentarer:

  1. Veldig trivelig med høns. Eg har og ein liten flokk med stor Wyandotte og Toppa Hollender, dverg.
    Som regel vert meir enn halvparten av kyllingane hanar.

    SvarSlett
  2. Så fine høner (og haner)!
    Skulle gjerne hatt noen selv, jeg, men har ikke plass til noe ordentlig hus til dem.
    De produserer vel finfin gjødsel også, i tillegg til egg?

    SvarSlett
  3. Hei!
    Fantastisk flott hage du har fått deg. Ser at du har mange gode år framfor deg der. Og kjekt er det. Sopp er ein lidenskap hjå meg. Med enkle midlar kan ein lære nokre svært gode og sikre soppar. Har de noko autorisert soppekspert i nærleiken er det smart å få alt ein plukkar sjekka før ein et noko. Eg har sjølv plukka sikre soppar i mange år, før eg torte å ete ein bete :) No har eg eit fast reportuar og er svært nøgd med det.

    R.A.

    SvarSlett
  4. Eg ser at eg må følge med vidare her. Har planar om å ha nokre høner sjølv, men det blir nok ikkje før til neste år.
    Fin blogg du har forresten, hugsar ikkje om eg har lagt att kommentar her før...
    Ha ein fin dag!

    SvarSlett
  5. Takk for kommentarar, høns anbefalast! Våre har ikkje begynt å verpe enno, men gjødsel kan eg love deg at dei produserar, Jonna!
    Ramme alvor: eg har ein god kollega/nabo som er soppkyndig og ho kontrollerar fangsten min jevnleg. Elles hadde eg nok ikke våga...

    SvarSlett
  6. Flotte høns, hadde jeg bare bodd på landet....

    SvarSlett
  7. Vi kunne godt tenke oss å ha høner. Har bare ikke kommet skikkelig i gang med tenkingen ennå...

    Det ser veldig kjekt ut. Gleder meg til å se hvordan dere har gjort det :-)

    SvarSlett