torsdag 15. mai 2008

Hønseflokken er i hus!

Trufaste lesarar vil huske at eg har skrive om at eg ønskar meg ein liten hønseflokk i Blåbærhagen. Det viste seg å vere vanskeleg å få tak i kyllingar av mange ulike slag, eg vil jo helst ha fire-fem forskjellige høner. Så eg tok skeia i eiga hand og gjekk til innkjøp av rugeegg i staden. Eg og søster mi gjekk i kompaniskap om ruginga, sidan ho bur på gard tok ho hand om prosessen. I pinsehelga reiste me nedover på besøk og kom heim att med seks små nøster! Det er Australorps, Isbar og Wyandotte, det kjem til å bli svarte, grå og brunspragla fuglar. Dessverre klekte ingen av Orpingtonegga, så det blir ingen store gule høner i denne omgang. No bur kyllingane i ei stor pappøskje i kjellaren, under varmepæra, og me stullar med dei så godt me kan. Neste post på programmet er bygging av hønsehus. Byggmesteren i huset har surfa på nettet etter idear og der er det mykje rart å finne, her for eksempel... Me satsar nok på ein litt enklare variant enn enkelte av dei palassa der.

No kryssar me berre fingrane for at me har fått med oss tistrekkelig med hønekyllingar, og at det ikkje berre er haner. I så fall kan det bli livlig i Blåbærhagen om morgonane. Eller kanskje det blir Coq au vin.

Ps: bildet er klikkbart, så søte kyllingar fortener å bli sett i større storleik...


6 kommentarer:

  1. Såå søte da:-) Skulle gjerne hatt sånne ja, men er allergisk mot fjærkre.
    Jeg får kose meg med bildene istedet.

    :-D

    SvarSlett
  2. kjempesøte var de :)
    Blir stas med hjemmelaga egg da!

    SvarSlett
  3. Så artig! Har ei søster som har planar om det der. Utruleg skjønne som små, og veldig kjekke som vaksne. Lykke til med flokken : )

    SvarSlett
  4. Så koselig!

    Jeg hadde også planer om å anskaffe høner en gang i tiden, men så kom fugleinfluensaen, gitt. Men, nå har jo det hysteriet roet seg litt igjen, så kanskje...

    SvarSlett
  5. Så søte de var da :-)

    Synes kanskje den på bildet øverst til høyre viser til hanefakter. Han står liksom på et litt slikt karslig vis med stram brystkasse ;-)
    Vet du noe mer om fordelingen ennå eller?

    Ønsker deg en fin dag videre!

    SvarSlett
  6. Skriv mer om disse etterhvert! ^^, Jeg er helt ny også - fikk en liten gjeng i juli. Fine dyr. Jeg har dvergcohin.

    SvarSlett