tirsdag 27. mai 2008

Nesten ny uteplass!

Me har ein ganske fin firkanta hellelagt platting heilt i grensa til naboen. På grunn av nivåforskjellar er den murt opp med stein og sand. Den har nok vore der ein del år, for muren på den eine kanten hadde rast ut litt så heile plattingen var på sig nedover. På den samme sida stikk det opp diverse slanger og rør i tilknyting til brønnen, ikkje særlig dekorativt.

Mannen i huset har reparert muren og plattingen, og me har laga eit halvsirkelforma bed langs denne sida av plattingen. Der har me planta roser og ein skjærsmin, med tanke på lange fine sommarkvelder der me kan sitte og snuse inn duften... Eg har prøvd å velge ut roser etter kriteria rmontering og god duft, men den aller første rosehandelen fann stad på Plantasjen og der var det eit heller kjedelig utval. Det er nok dei historiske rosene som står mitt hjerte nærmast, og dei fann eg i rikt monn på Fantoft Hagesenter. Fantastisk stad!

Rosene i bedet er :
Queen Elizabeth (rosa klaserose)
Pascali (kvit klaserose)
The Fairy (rosa bunndekker)
White Cover (kvit bunndekker)
Nadia Renaissance (mørk raud buskrose)
Ispahan (rosa damascenerrose)
Rose de Resht (raudrosa portland/damascener)

I tillegg har eg ei raud rose fått som rotskudd frå ei eldre dame eg kjenner. Ho kallar den berre 'Strilerose', så snart den blomstrar skal eg prøve å få identifisert den.

Her ser de før- og etterbilder, det gjenstår enno litt, som ein eller annan form for bedkanting, rydding i "plenen" rundt osv. Her kan de også sjå dei nye hagemøblane våre! Det er ikkje lett å vere etisk forbrukar og prøve å unngå regnskogtømmer, men til slutt fann me furumøbler som me likte. Uthuset på bildet er naboen sitt og det er ikkje i bruk, gjett om eg har lyst til å flikke på det og plante klatreroser og klematis som kan dekke det...




9 kommentarer:

  1. Syntes uthuset var kult, jeg! Men jeg vill helt klart ha plantet noe litt stort mellom det og plattingen så det ikke så ut som uthuset sto klistret oppi plattingen.

    SvarSlett
  2. Spør naboen, skuret hadde vore fint slik du sa :-) Plattingen blei kjempefin, og finare blir den når plantene veks til. Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.

    SvarSlett
  3. Dette vert nok ein kjekk plass for milde sommarkveldar og kanskje eit glass rødvin eller to : ) Ein liten oase når det veks til. Uthuset var kult det, litt sånn shabby chic, men nokre klatreplantar hadde gjort seg ja!

    Fantoft hagesenter har eg aldri vore på, kanskje det må bli ein tur dit ein dag..

    SvarSlett
  4. Jeg synes uteplassen din så riktig deilig ut og på bildet så så det jo dessuten lekkert ut med det gamle uthuset bak, men såklart, synes du det er generende så er det jo greit å høre med naboen om du kan få fikse litt på det ellr plante ved det :)

    SvarSlett
  5. Uthuset som sådan er heilt fint, det. skulle ønske det var vårt, pr i dag har me ingen stad å gjøre av hagemøblar og grasklippar etc, bortsett frå i kjellaren og der kan det fort bli fullt... Problemet er at veggane i huset er pill råtne og taket er i fare for å falle saman. Så eg tvilar på om det kan la seg redde.

    SvarSlett
  6. Sånne prosjekter er kjempemoro å drive med! Så trivelig og romantisk i fine kvelder - å trekke inn duften av skjærsmin!! Aaaah :drømme:

    SvarSlett
  7. Eg har utfordra deg, og utfordringa ligg på bloggen min : )

    SvarSlett
  8. Hei igjenn, det ligger en oppmerksomhet til deg i bloggen min :)

    SvarSlett
  9. Her kommer utfordringene på løpende bånd for jeg har også tagget deg. Du får titte innom å se om det er noe du allerede har fått.

    SvarSlett