tirsdag 12. mars 2013

Plommeblomstring i vinduet

I dag våkna me til eit nytt kvitt teppe ute, og store snøflokser dalte ned. Det har heldigvis gitt seg no, og det blei berre eit tynt lag med snø, likevel kjennest det som eit stort steg tilbake. Heldigvis er det litt meir vårlig inne, eg har nemlig plommeblomstring i vinduskarmen. Då Ove var og skar frukttrea inne på småbruket for ei tid tilbake sørga eg for å få meg meg nokre greiner heim. Eg har prøvd å drive eple før, men eg syns det er mykje lettare å få godt resultat med plomme så denne gongen droppa eg eplegreinene. 
Det står to gamle plommetre der inne, men me mistenker at det egentlig berre er villskudd som har overmanna dei opprinnelege trea. Det var plommer på dei i haust, bittesmå og ganske smaklause. Men eg syns det var litt pussig at eine treet hadde gule plommer og det andre knallraude, eg ville vel tenkt at villplommer hadde lik frukt, mest sannsynleg blå? Men eg veit veldig lite om sånt. No er i alle fall trea beskåre, så skal dei få litt gjødsel og stell i år og kven veit, kanskje frukten viser seg å bli betre då? Uansett er jo plommer fantastiske når dei blomstrar så eg trur nok trea skal få stå sjølv om det viser seg å vere villplommer. 

Det kom nokre få blomar på greinene mine, ikkje akkurat overdådig blomstring men fine er dei uansett. Eg klipte også med meg greiner frå ein gigantisk eldkvede som står i hagen der inne, dei står med masse feite knoppar no. Eg har aldri drive kvede før, men har lest at det skal fungere godt så no er eg spent på å sjå korleis blomane blir!

7 kommentarer:

  1. Kjedelig med snø igjen, men vi får trøste oss med at det går fort mot skikkelig vår nå. det hjelper på med litt vårblomstring innde, plommetre har jo skikkelig fine blomster.
    Ha en fin dag:-)

    SvarSlett
  2. Her har det meste av snøen tint igjen nå.
    Nydelig med blomstrende plommegreiner inne!

    SvarSlett
  3. Fint billede.
    Her er haven dækket af et fint lag sne. Jeg venter godt nok efter forår, så jeg kan komme ud og rode i jorden.
    Tak for kigget.
    Ha´ en god dag.

    SvarSlett
  4. So kjekt du kom innom. Om du las litt så stod der også litt om grunnen til at eg ikkje kunne renne rundt på internetten og sei kven eg var...så eg har venta på at eg skulle finna framatt til alle dykk uten å sei noko :D

    klem!

    SvarSlett
  5. Koselig med plommegrener, har noen stående jeg også :)
    Hvordan ble det med eldkveden? Ble det blomstring?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eldkveden var veldig lovande lenge, søte knoppar der ein kunne skimte aprikos/oransjefarga kronblad, men så tørka dei inn alle sammen og falt av. Skuffande!

      Slett
  6. Nydelege plpmmeblomar. Frukttre har eg liten greie på, men skulle ynskje det kunne vekse på seg litt..kunnskap altso. Håpar du får gode plommer i år!

    Ynskjer deg ei herleg ny veke!

    SvarSlett