fredag 4. mai 2012

Aksjon froskeegg

I skogområda rundt Blåbærhagen lever det ein heil del frosk. Heldigvis får ein seie, for eg trur nok dei er til god hjelp som skadedyrskontroll hos oss, me treffer dei ofte i hagen på fuktige kveldar når også sniglane er talrike. Eit par steinkast frå huset er det eit par dammar der dei pleier å legge egg. Skjønt myrhol er vel ei meir dekkande skildring, dei er nesten heilt gjengrodde. Ein vår tørka heile klumpen med froskeegg ut, det var jo reint hjerteskærande. I år trur eg me må gjøre alvor av snakket om å grave ut denne dammen, slik at det står meir vatn i den. 

Me har jo også ein bekk som renn gjennom hagen her. For tida har hønene fri tilgang til området rundt bekkefaret, dei har ein jobb å gjøre der med å rydde opp i villnisset. Dei er ivrige i tenesta, så ivrige at ein heil del pas som dei har rota opp har endt opp nede i bekkefaret og nærmast fungert som ei slags oppdemming. Resultatet er at det vesle vatnet som renn i bekken for tida nærmast har stoppa opp, og me har enno ikkje kome oss rundt til å ta opp igjen alt rasket.

Ein morgon viste det seg at froskane har blitt lurt av denne demninga, ein av dei hadde jammen vore nedi og lagt egg midt i bekken. Det er jo vel og bra, men ein bekk er ikkje staden for rumpetroll - dei ville snart blitt ført med straumen og hamna langt vekk. Det er tross alt ein grunn til at froskar egentlig legg egga sine i stille vatn. Så her måtte me trå til med ein aldri så liten redningsaksjon, på sjølvaste 1. mai. Egga skulle flyttast opp til ein av dammane i skogen, og rusta med ein stor bakebolle gjekk heile familien ned til bekken.

Eggklumpen stranda mellom kvist og kvast

Hønene er nyfikne og kjem trippande over brua si for sjå kva som er på ferde. Egga ligg nede i bekken.

Kva i alle dagar er det som foregår? Kan det vere noko godt oppi den der bollen?

Eg smetter bollen ned i vatnet og under egga

Dyrebar last på veg gjennom hagen og opp i skogen

Ein av dammane, inngjerda som seg hør og bør, og to små som følger nøye med oppi baljen

Ove tømmer egga forsiktig ut i dammen

Forsyne meg sit det ikkje ein frosk og kikkar på oss på kanten av dammen!

Me må ta ein nærmare kikk, og veslepionen slår straks fast at dette må vere mammaen til egga

Så må me undesøke status på egga i den andre dammen, det nærmar seg klekking her!

Den er ikkje stor, denne dammen. Satsar på jevnleg regnver slik at froskane lever opp, så skal me grave den ut litt til sommaren når den er på det tørraste.

4 kommentarer:

  1. Heisan.
    Håper operasjonen dykkar var vellukka. Kjekt med froskebesøk i hagen.
    Go`helg.

    SvarSlett
  2. Ja, det håpar me også, reknar med jevnlige turar for å sjekke stoda framover!

    SvarSlett
  3. Jeg har sånne gode minner helt tilbake til jeg gikk i barnehagen (her snakker vi om en evighet og en ualmindelig god hukommelse...)Da hentet vi egg til et akvarium i barnehagen, så vi kunne følge med på utvikling fra egg til rumpetroll :) Det var jevnlige ekspedisjoner for å hente nytt vann til småtassene. Når tiden var inne ble de høytidlig fulgt tilbake til den opprinnelige dammen sin :)

    SvarSlett