fredag 30. oktober 2009

Sju tilfeldige fakta

Sigrid og Berit har gitt meg ei utmerking med tilhøyrande utfordring; eg skal fortelje sju ting om meg sjølv.

1. Eg skal få avkom nr. 2 om to-tre månader, dei seier det er ein gut og han gjør seg allereie bemerka ved å ta førligheita frå mor si så ho ikkje kan få satt alle løkane som ligg på vent i kjellaren.

2. Eg har heldigvis ein ualminnelig snill mann som gjør det meste for å halde meg fornøyd, det inkluderar setting av nevnte løkar no til helga.

3. Eg får ei sterk oppleving av glede når eg kan henge klesvasken ut til tørk i hagen.

4. Eg er fødd dagen etter at Jens Bjørneboe døydde.

5. Til tross for skrøpelig bekken og krykker syns eg det er ganske kjekt å vere gravid, men gler meg likevel til eg kan gå med høyhælte sko og snertne kjolar og drikke calvados igjen.

6. Eg gler meg også til i morgon, då skal eg på loppemarknad og det er ein av favorittsyslane mine.

7. Eg klarar ikkje for alt i verda å finne ein vegglampe eg likar til den litt for mørke stova vår.

Denne her ser ut til å ha vore på runde hos dei fleste, så eg sender den ikkje vidare til nokon spesiell. Om nokon skulle føle seg kalla, så værsågod!

6 kommentarer:

  1. Loppemarked, hvor og når?!?! jeg liker også å gå på loppemarked.

    Så heldig du har som har "løklegger", mine henger ennå i gangen...
    Ha en finfin helg! :)

    SvarSlett
  2. Det er visst opp til fleire denne helga, sjekk bt.no - under kategorien "annet". Sjølv tenkte eg meg til Damsgård skule, men det er visst på Haukeland også. Eg kjem ikkje inn på bt akkurat no men det pleier vere oversikt der!

    SvarSlett
  3. Takker for meddelelsen.
    Jeg fikk tatt meg en tur innom og kom ikke tomhendt ut ;)
    Ha en fortsatt fin helg!

    SvarSlett
  4. Fekk med meg eit og anna eg også! Alltid moro med loppis.

    SvarSlett
  5. Hei! Så hyggelig at du lenker til I Gros hage på bloggen din! Jeg har oppdatert sidene mine - nå holder det å lenke direkte til www.igroshage.no

    SvarSlett
  6. Gratulerer! Har ikkje lest (eller skrive) så mykje blogg i det siste, så dette var nytt for meg. Lykke til framover : )

    SvarSlett