onsdag 26. august 2009

Nytt blant folk og fe

Hagen har blitt forsømt, oversvømt og herja med av vinden sidan sist, likevel er det så frodig og fargerikt som det ikkje har vore heile sommaren. Eg velger å tenke at det er fordi eg la eit godt grunnlag tidlegare i år, så får det heller vere at eg ikkje heilt klarar å ta meg av den skikkelig no. Det blir familieforøkning her i januar, og nestemann gjør seg allereie godt bemerka gjennom vond rygg og skranglete bekken. Neste vår og sommar blir altså tilbrakt heime i permisjon, og då har eg store planar for hagen!

Me har fått nye innbyggjarar i Blåbærhagen, desse to her:

Søstra mi har moskusender, og dei klekte eit kull ungar for ca to veker sidan. Den eine ungen klarte ikkje å komme seg på beina, og blei dermed verande igjen i reiret når mora og syskena fór ut. Me tok med oss andungen og gav ho litt kjærleik, omsorg og stell og det gjorde susen, gitt! No pilar ho rundt som ei lita mus, likar å sitte på skuldra og nappe litt i øyret. Ho trudde nok ho var ein av oss, og likte svært dårlig å bli sett tilbake i pappkassen sin mutters åleine etter ei lita kosestund. Men så mykje skit som dei legg igjen etter seg er det ikkje snakk om å ha frittgåande ender inne i huset... Så etter ei veke fekk me sendt hit eit av syskena, den gule. Me trur det er ein hann, nebbet hans er mykje større. Så no bur dei to i ei pappkasse på badegolvet, og på ettermiddag og kveld tar me heile kassen ned i stova så dei får litt selskap. Dei er heilt tamme begge to og trivst i fanget. Snart er dei store nok til å flytte ut, men me er vel litt utsikre på kva me skal gjere med dei. Skal me beholde dei eller sende dei heim att til garden? Det renn ein bekk over nabotomta her, perfekt plass for ein andedam... Og moskusender er jo kjent som gode sneglejegarar, eg har sjølv sett foreldra til desse to ta for seg av dei brune. Spørs om ikkje det blir ei lita andestamme i Blåbærhagen i framtida.

Nokre glimt frå hagen:

Raud kvann i det raud-gule bedet

Knallblå kinesisk ridderspore



6 kommentarer:

  1. Så hyggelig med familieforøkelse, selv om plagsom rygg og bekken ikke er kjekt.
    Moskusendene var søte, men de blir jo ganske store etterhvert.

    Mange fine bilder av det som blomstrer...

    SvarSlett
  2. Gratulerer, elisa. Det var koselig :-)

    SvarSlett
  3. Hei, og tusen takk for hyggelig hilsen i bloggen min!
    Det må da være den lampen over kjøkkenbordet du mener da, for det er da vel ingen andre lamper på kjøkkenet mitt som er noe å blogge om...??
    Den er i allefall fra IKEA, og er ganske rimelig, mener jeg å huske. Hatt den i maaaaaaange år, men jeg tror de har den enda.
    :)

    SvarSlett
  4. Ser jo utruleg skjønne ut no, og om dei beheld sitt gode lynne i vaksen alder så er det jo bra greier : ) Er blitt veldig lite hage hos meg og i det siste, så det er kjekt at den kan styre seg sjølv litt. Mykje fint som blomstra av deg, da. Og til slutt: Gratulerer! No må du ta vare på deg og ryggen din framover!

    SvarSlett
  5. Gratulerer, elisa:) Ta godt vare på skranglete kropp.
    Så søte endene var, ble helt forelska jeg.

    SvarSlett
  6. Takk for gratulasjonar, halvveis i løpet no! Endene er blitt større men er enno veldig søte og trivst visst godt, heldigvis.

    SvarSlett