onsdag 29. juli 2009

Ferien over

Sommarferien er over, regnet hamrar mot taket og vinden bles surt rundt nova. Me driv med barnehagetilvenning for tida, eg er heime eit par timar mens veslepionen gjer seg kjent i nye omgivnader åleine. Me er heldige med at barnehagen ligg rett nedi hogget, den er ny og fin og har eit stort uteområde. Men eg ser at dei nyplanta frukttrea og bærbuskane har fått tett beskjæring av våre gamle venner hjortane... I Blåbærhagen har derimot hjortegjerdet gjort jobben i sommar, fleire gongar har me sett udyra snike seg langs utsida men inn kjem dei ikkje. Og kjøkkenhagen er adskillig betre i år også, når den har fått stå i fred. Men sukkerertene er treige. Eg måtte så nye etter ei uheldig hønseepisode i vår, nyspirte erter smakar jo sikkert veldig godt for ein flokk fjørfe på vandring.

I ferien har me vore mykje på farta, småturar hit og dit med eit par dagar heime i mellom. Så det har ikkje blitt gjort mykje i hagen, men noko er det jo alltid. Her står ein svær, gammal duftskjærsmin som var meir eller mindre velta utover utetrappa vår. Den trengte sårt å tynnast i, men eg hadde ikkje hjerte til å gjøre det før blomstring. Slik såg den ut for nokre veker sidan:
Legg til bildeHeile hagen var parfymert, og det var eit vakkert syn. No står det berre litt igjen, eg håpar den rekk å sette nye skudd i år slik at det er håp om litt blomstring neste sommar også.

Elles har eg grave opp løk. Krokus, påskeliljer, pinseliljer og tulipanar. Her har stått masse klynger rundt om kring plenen, og dei trengte å delast. Når eg grov dei opp viste det seg jo at det var enorme mengder, så no har eg kjellaren full av løk og funderar på kor eg skal sette dei. Trur beint eg må kjøpe med ein løkplantar, for eksempel denne?

4 kommentarer:

  1. Ja er det ikke rart så mange løk det kan bli av ei lita gruppe? Har mengder jeg også, sjøl om jeg bare har tatt opp der jeg har forandra og laga nye bed.

    SvarSlett
  2. Surt og kaldt her og no, ikkje mykje teikn til sommar. Kan tenke meg freistinga vart for stor for hønsehjernene, ja - den kan bli for stor for nokon og ein kvar : ) Nydeleg blomstring, kan godt skjønne du ikkje hadde hjerte til å beskjære før blomstring! Ha ein fin sommar vidare, og for håpentlegvis ein varmare ein...

    SvarSlett
  3. Er litt lat så eg orkar ikkje å ta opp løkane særleg ofte. Dei må berre prøve å overleve utan :-)

    Nydeleg duftsjærsmin! Min var full av svartlus i år, men blomstra rikt likevel. Må vel beskjære litt eg også.

    Ha ein fin kveld.

    SvarSlett
  4. Disse løkane har sikkert stått i ro i mangfoldoge år - det er ikkje noko eg har tenkt å gjøre ofte! Kjekt å få spre det litt utover, tenker eg.

    SvarSlett