fredag 3. juli 2009

Blomstring i juli

Jada, det er ikkje lett å få tid til innlegg. Og no er eg egentlig for trøtt til å skrive, så det blir i staden bilderas av planter som blomstrar no (og bilda er som vanleg finast i stor versjon, så klikk gjerne på dei). Eg byrjar med to peonar, ein har eg hatt i fleire år og no blomstrar den endeleg. Eg huskar ikkje kvar den kjem frå. Den andre kjøpte eg på haustsalg i forfjor, den har namn men eg huskar det ikkje nett no. Eg synest særleg den kvite er nydeleg, den duftar også. Og eg må innrømme at eg likar desse koppforma, halvfylte betre enn dei dei heilfylte bustehovuda...


To kvite; Anemone rivularis er så fin med dei blå støvbærarane (men du må kikke godt etter for å sjå dei, blomen er liten...) og den fylte knollmjødurten (Filipendula vulgaris) er også vakker. Den siste fekk eg hos den største eksentrikaren i parsellaget eg var med i før. Og det var mange av dei (eksentrikarar altså) så det seier ikkje så reint lite.


To favorittar her også, Knautia macedonica har ikkje noko norsk namn såvidt eg veit, den anbefalar eg på det sterkaste! Mine sådde eg sjølv for ein del år sidan og no er det fine tuer med hundrevis av raude knappar på høge stilkar. Blomstrar lenge gjer dei også. Den blå er ei lerkespore men eg veit ikkje kva for ei. Omlag 50 cm høg, lysegrønt bladverk med raude flekkar på. Knall blåfarge.


Alle desse veks i same bed, eg prøver å halde det i kjølige blå- rosa- og lillafarger. Her står også denne veldig sartblå ridderspora, eg meiner den er kjøpt som Delphinium delavayi på planteloppemarknad for nokre år tilbake. Attmed den står sporeblomar (Centranthus ruber) i to fargar, sådd frå fargeblanding. I utgangspunktet var det dei knallrosa eg ville ha, men desse to er også fine, ein kvit og ein meir dempa rosa.


Det nye bedet som grensar mot hjortegjerdet og skogen skal vere sterkare i fargane, her er det lov med gult, oransje, raudt, lilla, skarprosa og anna som står til. Her har eg også ein del raudt bladverk. Det er litt tynt i bedet enno, men her er to frodige parti. Det første bildet viser blant anna den sterkrosa sporeblomen frå same frømiks som dei to over, samt eit par ulike Heuchera, ein raudblada kvann, Ajuga 'Burgundy Glow', og eit høgt gras (trur det er Miscanthus floridulus). Bildet til høgre viser ei gul lilje, gul kongslys (Verbascum nigrum), Miscanthus 'Zebrina', Heuchera 'Green Spice' og ein raud oxalis eg planta i fjor som har eksplodert utover heile bedet i år med frøplanter. Ugrasarta, ja, men den fyller fint opp i tomromma og er lett å luke vekk der eg ikkje vil ha den så eg klagar ikkje enno. Den blomstrar med gule, små blomar og eg huskar ikkje namnet nett no.


Så blei det visst litt tekst likevel, men no er det nok for i dag. Håpar eg kjem tilbake med meir snart...

3 kommentarer:

  1. Vakker blomsterprakt! I min hage er det altfor lite som lyser opp no i begynnelsen av juli. Tenker kvart år at det må eg gjere noko med, og så kjem neste juli utan at eg har gjort det... Men lykka er at eg er veldig glad i dei ulike grønnyansane i blad og busker :-)

    Ha ei fin helg!

    SvarSlett
  2. Så mye flott du har som blomstrer nå! Juli er en fin måned med masse blomstring :-)

    SvarSlett
  3. Så flott det blomstrer i hagen din :) Ser du har noen flotte høner også! Vi har nettopp fått oss høner og synes det er veldig kos!

    Hilsen Margrethe

    SvarSlett