fredag 13. februar 2009

Utvide hagen med... tja, sånn ca 120 mål?

Eit av måla for 2009 er å få opp gjerde mot hjorten på vestsida av hagen, opp mot skogen. Men som eg har skrive før, har me vore litt i tvil om nøyaktig kvar dette gjerdet skulle gå. På grunn av terrenget er det absolutt enklaste å la gjerdet gå eit par meter utanfor tomtegrensa vår, over ein strekning på ca ti meter. Dette er jo på sett og vis å tuske til seg eit par kvadratmeter meir hage, men me tok mot til oss og skreiv brev til grunneigaren. Det er altså snakk om utmark, skog og fjell på utsida, grunneigaren bur ikkje her i nabolaget og er her heller aldri. Ingen brukar området bortsett frå oss.

Me sendte brev på mandag, og onsdag kveld ringte han! I løpet av ein hyggelig telefonsamtale fekk me ikkje berre grønt lys for å sette opp gjerdet der me vil, men også eit halvseriøst tilbod om å kjøpe eigedomen hans, altså 120 mål skog og eit “halvt” fjell i sentrumsnære strøk for 600 000... Eg må innrømme at eg likar tanken på meg sjølv som godseigar, det hadde satt haginga i eit nytt perspektiv! Eg var klar for å ringe banken med ein gong og hoppe i det, men eg har heldigvis ein nøktern mann som er sunnmøring og snur på femøringen.

Grunneigaren skal selje eigedomen uansett, det er regulert til LNF-område men gudane veit kva som kan skje i framtida. Så på ein måte hadde det jo vore flott å hatt hand om terrenget rundt oss sjølve. Kanskje me kunne sett igang med hjortejakt?

10 kommentarer:

  1. wow! Det var jo litt av en utvidelse! Da har du nok å henge fingrene i årene fremover ;-)

    SvarSlett
  2. Hvis økonomien tillater det, ville jeg slått til. Ikke det at man har så veldig mye kontroll over hva som skjer, hvis kommunen bestemmer seg for å omdisponere bruken, men man får i det minste erstatningen. Og hvis området noen gang tillates bebygget, vil jo verdien stige formidabelt.

    SvarSlett
  3. Enig med Sigrid. Gå for godseiertilværelsen om du har mulighet! Tror ikke du taper penger på det uansett.

    SvarSlett
  4. Ikkje bry deg om din trauste mann, kjøp jorden og bli godseigar!

    Din bror

    SvarSlett
  5. Hehe. Godseigar med fellingsløyve. Mykje meir effektivt enn eit gjerde :)

    Stå på!
    Britt

    SvarSlett
  6. haha, go-go
    Studietur til Ramme til våren? Hjortetårn på eiendommen? kunne jo bli vakkert med klematis og slyngroser :D

    SvarSlett
  7. 120 mål ja :-D Da ville du ikke hatt plassproblemer med det første i hvert fall ;-)

    SvarSlett
  8. Hmmm vanskelig det der, vet ikke hva jeg skulle rådet deg til. Selv om man eier så bestemmer vel kommunen på et vis likevel? Dere må iallefall bli enige. Kanskje godseierspiren kommer frem i din mann til slutt!! ;-)

    SvarSlett
  9. Ja, det heilt klart noko å tenke på. No er ikkje me i den situasjonen at me kan trekke 600 store opp av lomma sånn utan vidare. Men dette er jo ein unik sjanse, av typen som ein angrar på resten av livet dersom ein ikkje tar. Hmm...

    SvarSlett