fredag 23. januar 2009

Verpesjuk

Lenge sidan sist no, her har me hatt problem med å komme på nett og den gamle stasjonære pcen er erstatta med ein blank og fin bærbar! Det tar litt tid å sette seg inn i ting og overføre alt frå den gamle til den nye maskina, men det var nok på tide med eit livsteikn i bloggen no.

Dagane er utvilsomt lysare for tida, eg merkar at det er slutten av januar. Eg veit godt at det kjem til å komme eit par vintrar til før våren er her, men den verkar likevel veldig nær på dagar som denne. Klart i veret, tørt på bakken og mildt i lufta. Snøklokkene til naboen er på full fart opp av bakken, og eg kjem over ei og anna spire hos meg også.

Den eine høna vår meiner visst også at det lir mot vår. Ho har vore veldig ivrig etter å kome seg ut av hønsegarden i det siste, og så snart ho har sett sitt snitt så har ho snike seg ut under beina på oss når me driv og steller i hønsehuset. Sist tenkte me at jaja, ho får vel berre tusle rundt i hagen ei stund sidan ho har så lyst til det. Kan ikkje gjøre mykje skade på plantene på denne tida av året. Høna for fluksens opp i buskaset bak hønsehuset og klukka rundt der ei stund før ho fann seg ei høveleg dumpe i bakken. Der la ho seg til og byrja nappe i tørre blad og kvistar og plassere dei rundt seg mens ho kurra fornøgd. Ho dreiv og bygde reir! Så no får ho kome ut av og til under oppsyn, så får me sjå korleis dette utviklar seg. Kanskje får me ei klukkhøne som vil ruge ut kyllingar? Det ville jo vere stas! Dette er ei blå australorphøne, ho verper nydelege caffe lattefarga egg. Ho er nesten tam som ein katt og fantastisk mjuk å klappe på...

10 kommentarer:

  1. Det er ikkje ofte at eg synes at høner er fine, men denne far kjempefin :)
    Dessuntan har eg alltid likt brune egg betre enn kvite....

    SvarSlett
  2. Australorphønene er flotte og så er dei så flinke til å legge egg.
    Det er artig med klukkhøne men be ho vente eit par månadar til det vert mildare i veiret.

    SvarSlett
  3. Kan ingenting om høner, men denne var skikkelig pen!

    Hadde vi bodd mer grisgrendt, hadde nok hønene bodd hos meg, også:o)

    SvarSlett
  4. Flott farge! Australorper er koselige kre. Gamlehanen min var det, litt treig i toppen var han men flink med tuppene. Kjøpte en ung australorp hane før jul og han er kvikk :)

    SvarSlett
  5. Så fin høne. Jeg har så lyst på høner.
    Gratulerer med ny PC.

    SvarSlett
  6. Litt tidlig med verping kanskje?! Kjempemoro med høner da, og så mye fin gjødsel du får til hagen din da!

    SvarSlett
  7. Ja, stashøne dette. Høns i hagen anbefalast varmt, det er veldig koselig!

    SvarSlett
  8. Vi har Dverg Coccin (eller hvordan det nå skal staves) De ruger nesten hele året. Det blir litt lite egg, men det er så koslig når de får fram kyllinger.

    Det ligger en utfordring til deg i bloggen min.

    SvarSlett