søndag 14. desember 2008

Tre kransar...

... har eg laga i dag. Har aldri gjort dette før, så det blei ein del improvisasjon. Eit år har gått i Blåbærhagen sidan me flytta hit, og det har vore eit godt år. Travelt, men godt. No ser me fram mot jul og stille tid, og dagen i dag blei brukt til å pynte litt opp rundt huset. Eg var rett oppi skogen her og klipte masse einerris, blåbærlyng og tyttebærlyng, eg fann mose under snøen, eg plukka lav av bjørkene. Og så prøvde eg etter beste evne å få noko fint ut av det.

Eg begynte med den store kransen, den er laga av greiner frå skjærsminen. Eg tenkte dei ville vere bøyelege nok til kransbruk, men dei var stivare enn eg trudde og kransen blei tilsvarande større enn planlagt. På den festa eg blader av liguster og sisselrot, blåbærlyng og raude bær frå blankmispelen. Sjølv syns eg kransen vart fin og enkel, men mannen i huset rynka på nasen og sa den var for "tynn". Ikkje nok jul her for han altså:


Jaja, ein må jo sørge for at mannen er fornøgd så eg gjekk inn og fann ein gamal halmkrans i julepynteska og tok den med ut. Den blei kledd med mose, blåbær- og tyttebærlyng, og eit par sisselrotblader her også. Og meir av dei raude blankmispelbæra. Etter litt fundering og vurdering festa eg på litt lav også, både skjegglav og "den vanlege" typen som veks på alle bjørkene her omkring. Det blei ein god og lubben krans, og mannen har godkjent den som dørpynt. Han meinte det såg ut som eg hadde skore ut eit stykke av skogbotnen og hengt den opp, og det kan vel kanskje stemme:


Så laga eg likegodt ein til hønsehuset også. Denne gangen brukte eg dei lange årsskudda på bulkemispelen som aldri blei trimma. Dei fungerte over all forventning, lange, mjuke og fleksible. No var eg bestemt på å halde fast på ei minimalistisk linje, så denne blei endå enklare enn den første. Eg begynte vel kanskje å bli litt lei også... Bulkemispelkransen fekk eit par sisselrotblad og litt blankmispelbær, og eit par kvastar tyttebærlyng. Funkar bra det, mot den raude hønsehusveggen:


Eg er forresten veldig misfornøyd med kameraet mitt for tida, eg syns det tar dårlegare bilder enn det gjorde før. Får dei ikkje skarpe nok, og det blir ofte kornete og grautaktig. Uff, eg lengtar ofte tilbake til det gamle speilreflekskameraet mitt som eg overtok etter far min. Fantastisk å jobbe med! Men det var jo tungt å dra på, og så absolutt ikkje digitalt. Og det må jo til i desse dagar. Kanskje me skal vurdere om det er behov for eit nytt?

8 kommentarer:

  1. så flotte da!
    Den siste falt jeg spesielt for, så enkel og nydelig :D

    SvarSlett
  2. Utrolig flotte kranser! Særlig den i midten. Skulle ønske jeg fikk til sånt....

    SvarSlett
  3. Nydelige kranser du har laga :D

    SvarSlett
  4. Anne: Ikkje sant? Eg likar også den best, trur eg.
    Villrose: Det var slett ikkje vanskelig, det er berre å prøve seg!
    alexia: takk takk!

    SvarSlett
  5. Kjempefine kranser du lager! Kan nok hende jeg prøver på noe av dette en gang...

    SvarSlett
  6. Så flotte kranser du har laget! Jeg likte alle tre, men kanskje særlig de to enkleste :-)

    SvarSlett
  7. Takk igjen, no spørs det om dei ikkje har blitt knust til pinneved i vinden i natt, eg glemte å sjekke når eg sprang til bussen i dag tidleg. Eg får krysse fingrane for at dei fortsatt heng der!

    SvarSlett
  8. Du verden så flotte kranser. Ja dette var litt av deby, må jeg si. Jeg må nok si meg enig med Villrose; at den i midten er finest:)
    Den som kunne ha laget slike.....

    SvarSlett