torsdag 11. desember 2008

Korneller til vinterbruk

Når eg står og kikkar ut vinduet ser eg at eg må tenke på kva som kan gjøre hagen vinterfin. Det er tross alt mange månader i året der det meste er grått og trist og bart. Eg treng noko som lyser og gløder der ute, som me kan kvile augene på når sola sånn såvidt stikker innom ein liten tur. For ikkje å snakke om dei dagane sola glimrar med sitt fråver, men derimot lavt skydekke og striregn er faste gjestar.

Igjen har eg lest i blada... Denne gongen Gardens Illustrated. Vanlegvis syns eg dette bladet er litt mykje form og lite innhald, eg likar dei som har fingeren litt djupare ned i jorda og ei meir praktisk tilnærming, så som Gardeners' World. Men no var det GI dei hadde på Narvesen før båten min gjekk, dermed blei det det som fekk vere med på tur. Og for eit fint blad det var! Reportasje om vinterhagen i Cambridge Botanical Gardens, Gresgarth Hall, og Piet Oudolfs hage i Nederland. Det var artiklar om ulike typer lyng, bjørker, og andre planter som er dekorative om vinteren. Sidan har eg nesten berre hatt ein ting i hovudet; stammar, kvistar og bark som tar seg bra ut i vinterlyset.

Det mest innlysande er jo då kornellar. Den vanlege på desse kantar er Cornus alba 'Sibirica', fine haustfargar og knallraude greiner. Kjempefin og ikkje så vanskeleg å få tak i. Så har me Cornus sericea 'Flaviramea', lysande gulgrøn og heilt klart eit blikkfang. Anar ikkje kor lett/vanskelig det er å få fatt i denne. Ein annan fin er Cornus sanguinea 'Midwinter Fire', den flammar i gult, oransje og raudt. Piler kan også ha gode vinterfarger på kvistane, som Salix alba 'Britzensis'. Alle desse burde vere rimelig greie å formeire ved hjelp av stiklngar, kanskje eg skal prøve å leite opp nokre buskar som treng beskjæring til våren?

Dette med vinter i hagen må eg heilt klart fundere meir på. Neste steg trur eg får bli å finne prydgras som held seg fint utover vinteren. Får drive intensiv research i juleferien, kanskje? Denne bloggen kan vere ein bra plass å starte. Og innspel tar eg sjølvsagt i mot med stor takk!

Elles må eg berre seie at me har hittil fått tre egg, nydelige lysebrune delikate egg! Det er denne skjønnheita som står for det:


3 kommentarer:

  1. Fantastisk mye fint som finnes og kan brukes på våre kanter...
    Bladløse busker og trær med løfter om en ny vår.

    Så hyggelig det må være å kunne hente ferske egg på denne tiden av året.

    Ha en fortsatt fin førjulstid!

    SvarSlett
  2. Det var ei utruleg staseleg frøken som har lagt egg. (Ikkje akkurat som dei 5000 som foreldra mine har i bur, nei....)

    Vrihassel er supert å ha utanfor inngangspartiet om vinteren. Faktisk finast utan lauv!

    Ha ei fin helg ;-)

    SvarSlett
  3. Randine: Jepp, ferskeegg er luksus!

    Dagny: Nei det er ikkje industrihøns dette, dei blir dilla og dulle med som berre det;-). Vrihassel er flott, ja. Eg har den i tankane!

    SvarSlett