torsdag 2. oktober 2008

Høne RIP

I dag har det hendt noko trist her. Eg sto på kjøkkenet og bakte blåbærmuffins (som seg hør og bør i ein blåbærhage) då eg plutseleg høyrde eit voldsomt spetakkel utanfor. Eg sprang ut og der hadde det jammen vore ein hund i hønsegarden og fått med seg to høner ned i hagen til naboen. Eg fòr etter og klarte å redde den eine, bar ho opp igjen i hønsehuset og ned igjen for å jage hunden. Då eg kom fram til den stakkars fine wyandottehøna mi var det framleis liv i henne, men det var tydeleg at ho sang på siste verset. Eg la henne forsiktig inn i huset og tok ut etter hunden. Anar ikkje kor den kom fra, det var ein golden retriever med halsband og alt, eg vil tru den har stukke av frå turgåarar på fjellet bakom her. Den forsvant i alle fall fortare enn svint når eg jaga den.

Ti minutt seinare var høna daud. Veldig trist og veldig unødvendig. Eg har ingen kvaler med at dyr må dø, me har jo slakta tre av hanekyllingane våre og hatt ein av dei til søndagsmiddag. Men dette er noko heilt anna, denne høna skulle me jo ha i mange år! Eg hadde tenkt å lage namnekonkurranse på bloggen for å finne eit bra namn til ho og søstra, me skulle få dei riktig håndtamme og det skulle vere så fint. No har me berre den grå høna igjen, og ein svart hane. Hanen er lova vekk til søstra mi, men stakkars siste høna kan jo ikkje bli igjen åleine! Uff og uff, dette er trasig.

7 kommentarer:

  1. Off, dette var triste greier!:(
    Stakkars hønesystera som vert åleine...
    Av manglande kunnskap om høner må eg berre spørre; er dei av typen sosiale dyr som helst bør vere fleire i lag?
    Håper de finn ei veninne til den sørgande høna dykkar!

    SvarSlett
  2. Dette var jo trist, men slikt som skjer. Her hos oss har vi tom. hatt ørna heilt ned i hagen og angripe eit beitebur med halvvaksne kyllingar. Det gjekk bra den gongen, men både hauk, rev og hund har vi misst høns og gjess til.

    SvarSlett
  3. Nei og nei, så utrolig trist.

    SvarSlett
  4. Takk for medkjensle!
    Astrid: Høner lever i flokk, ja, så me må nok skaffe fleire.
    hajal: eg veit ein må rekne med "svinn", og rev, hauk og andre ville dyr er no ein ting. Men hund syns eg er noko anna, det er på eit eller anna vis så unødvendig og meiningslaust!
    Jaja, me er no komne over tapet og ser oss om etter nye fuglar. Håpar me får det på plass snart! Og i morgon skal det byggast ny og solid hønsegarde...

    SvarSlett
  5. GRØSS!
    Uff så trasig...
    Her har eg både hund, katt og høner. Dei går greitt i lag, men den vesle orientalerkatten min har plutseleg fått ein skalla flekk i nakken... trur ho har gjort jag på hanen, men enda opp som tapande part. Har bygd ein hønsegård 2 x 3 meter, slik at hønene berre får gå lause når eg er heime. Veit ikkje om eg kunne gjort noko om hauk, mink eller lause hundar hadde gått til åtak, men det har og ei usigeleg sjarme når hønene får gå lause.. ikkje risikofritt, endog.
    All sympati.

    SvarSlett
  6. Ja det var trist. Og veldig unødvendig!
    Eg er ikkje so glad i hundar, men saka er vel at hundar er ok så lenge eigarane gjer som eigarar skal...
    Håpar du kan få deg ei ny høne som kan halde den gjennlevande med selskap.
    Men som du seier, sjølv om det er eit dyr, så var det trist likevel.

    Britt

    SvarSlett