lørdag 27. september 2008

Solsikker frå fuglebrettet

Ja, sånn kan det gå når dei fjærkledde hamstrar solsikkefrø og gjømmer dei vekk i ein lita grop. Her kom det opp fire-fem planter i ei klynge i sommar. Me trudde aldri desse skulle få tid til å blomstre før hausten, men jammen santen... Dei lyser verkeleg opp som soler, neste år skal me så sjølve!

September 161 September 163

2 kommentarer:

  1. Me har tre stykker og litt havre innimellom bønnene! Gjett om eg lurte på korleis eg hadde greidd å så solsikker kassen med bønnene, men så byrja det å demre...

    SvarSlett
  2. Men i ettertid har eg kome på at det også kan vere mus. Forstår ikkje heilt kvifor kjøttmeisen skulle grave ned frøa, så det er kanskje meir sannsynleg at det er ein gnagar.

    Solsikker og bønner er sikkert ein god kombinasjon!

    SvarSlett