søndag 3. august 2008

Eg har plukka inn sommaren

Jaja, sommaren har vore hektisk for oss i Blåbærhagen, me har ikkje hatt så mykje tid til hagen som me skulle ønske og langt mindre til blogging. Mine store planar om dokumentering av arbeidet med hagen har fisla ut i sanden og eg har ikkje vore så flink til å bruke kameraet som eg burde. Men ein del har jo blitt gjort, og nokre bilde har eg tatt. Så eg kjem til å presentere eit par prosjekt framover.

No har det blitt ruskevér, og eg fryktar at det er begynnelsen på slutten på ein lang og fantastisk sommar. Men august er jo også ein sommarmånad, og eg håpar at den også blir fin og at det blir mange fleire slike sommarbukettar på bordet!

3 kommentarer:

  1. Hei! Nydelige sommerbuketter hos deg.Linda :))

    SvarSlett
  2. Nydelig bukett og velkommen tilbake fra ferie:D

    SvarSlett
  3. Utrolig søt bukett!

    Nigellaene var fine, mine egne har blomster små som femtiøringer. Det var såvidt jeg oppdaget at de var i bedet i det hele tatt :-D

    SvarSlett