lørdag 16. august 2008

Blomstring i august

Det er mange fargar i Blåbærhagen i august, og godt er det. Noko må ein jo ha å trøyste seg med når ferien er over og det går mot haust.

Kongslys - Verbascum chaixii album

Scabiosa

Tvikattost - sidalcea malviflora

Ettårig ridderspore - Delphinium chinensis 'Gentian Blue'

Kjempeverbena - Verbena bonariensis

5 kommentarer:

  1. Syns den blåfargen er så flott! Vil ha den blå valmuen saman med dei oransje sibirvalmuane, men kom ikkje så langt i år. Men det kjem vel ein ny vår : )

    SvarSlett
  2. Takk for gratulasjon. Sesongen i hagen er vel snart over for din del, men eg håpar du vil skrive om andre ting også slik at du ikkje forsvinn heilt frå blogglandia. Eg ventar spent på hekken din, den høyres så fantastisk slik du skreiv om den i vår.

    SvarSlett
  3. torill: hekken har latt vente på seg, den blei visst aldri noko av... Men kanskje neste år?
    Elles kan eg jo seie at hagesesongen aldri er over, på hausten er det løkplanting, på vinteren frøinnkjøp og staudesådd, og så blir det vår igjen før ein veit ordet av det...
    Men eg håpar på å bruke vinteren til å skrive litt om alle dei tinga eg ikkje rakk å skrive om i sommar, det har jo skjedd ein del i hagen som ikkje har blitt dokumentert. Så det må eg få gjort noko med!

    SvarSlett
  4. Takk for forslag på plantenavn i bloggen min, Brunnera kan absolutt være riktig. Gleder meg til å se til våren.
    Jeg har forresten "lurket" på bloggen din en stund, tror ikke jeg har lagt igjen kommentar før.
    De kongslys-blomstene var fantastiske, tror aldri jeg har sett kongslys i annet enn gult før!

    SvarSlett