tirsdag 23. februar 2010

Det er håp

Så kom det meir snø, her er rosebedet mitt:


Sånn skal det vel ikkje vere her på Vestlandet, det er ein grunn til at me bur her og ikkje i meir vinterkalde strøk. Me likar regnver og milde vintrar! Det er snart mars og snøklokkene burde vere på veg opp av jorda, enkelte stader kunne krokusen nesten vore i blom allereie om ein legg godvilja til. Hadde det ikkje vore for denne snøen.

Men den biologiske klokka til enkelte av oss her i Blåbærhagen tikkar visst mot vår. I dag var det nemlig fem egg i hønsehuset, det er ikkje verst i ein flokk på seks høner! I heile vinter har det vore berre eitt egg om dagen, dei siste to vekene har det auka til to eller tre, og no har altså heile fem høner sett i gang produksjonen. Det må vel vere eit rimelig sikkert vårteikn? Fornuften i meg veit jo at kalenderen går sin gang, men likevel kjennest det som om denne vinteren aldri skal ta slutt. Så fem nydelige egg som venta på meg i dag gjorde ventetida litt lettare. Visst er dei vel fine?

5 kommentarer:

  1. Så herlig med "hjemmelagde" egg

    Jeg ønsker meg også værskifte. Hadde aldri etter den våte sommeren/høsten trodd jeg skulle ønske meg skikkelig sipregn, men det gjør jeg altså...

    Gratulerer forresten så masse med veslegutten! Håper alt står bra til og at dere koser dere masse
    (ja jeg er litt treg av meg...)

    SvarSlett
  2. Åh, så heldig du er som har fine høner og egg!
    I morgen skal jeg i barselbesøk og gi bort dinosauren jeg har kjøpt av deg. Gleder meg!

    SvarSlett
  3. Så kjekt med egg frå eigne høner.

    Våren må vel komme til slutt i år og, men akkurat no ser det dårlig ut. Jammen har det ikkje begynt å snø igjen no. Ikkje så enkelt å ta seg fram med barnevogn på dette føret. No vil vi ha vår!

    SvarSlett
  4. Ja, det er heilt klart noko særskilt med egg frå einge høns.
    Røsslyng: takk så mykje, me er for tida innesnødde men kosar oss for det!
    Unni: Håpar den fell i smak!

    SvarSlett