fredag 27. november 2009

Lite haging men nytt prosjekt

Eg har fått ei utmerking frå Røsslyng, det var då veldig hyggelig! Så skal ein finne 15 nyoppdaga bloggar å sende den vidare til men der må eg innrømme at eg slit litt. Har ikkje tid til å finne så mange nye bloggar for tida, og dei faste som eg følger med på har visst fått denne allereie. Kanskje eg kjem tilbake til det ein annan gong? Uansett, takk Røsslyng!

Ute regnar det, min hageaktivitet for tida strekk seg ikkje lenger enn å gå ut og mate høner og ender kvar morgon. Og då går eg høgst forsiktig med museskritt for å ikkje skli i den bratte, glatte, blaute bakken. Hvis eg dett kjem eg meg sannsynlegvis ikkje opp igjen... Det står dårlig til med bekken og rygg, eg klarar såvidt å stavre meg rundt i huset. Skal eg lengre av gårde må eg ha med krykker. I tillegg har eg vore fryktelig forkjølt og hosta meg gjennom nettene. I det heile tatt er det ikkje mykje med meg for tida, men no er det berre sju veker til termin og når ungen kjem ut reknar eg med at formen tar seg opp!

Men dagane fyller eg jammen likevel, sjølv om eg er sjukmeldt og sjelden ute av huset. Eg har kasta meg over eit nytt prosjekt som er akkurat passe utfordrande for meg på dette stadiet, det er jo viktig å halde dei små grå i ei viss aktivitet. Og når januar har passert, guten er fødd og me har vent oss til ny kvardag, då har eg tenkt å begynne å tenke på hagen igjen...

Legg ved eit bilde av haustblad som eg hadde tenkt å legge ut i oktober. Kom aldri så langt, og no er haustfargane stort sett vekke. Då får me heller mimre litt.

6 kommentarer:

  1. Jeg var inne og kikka på prosjektet ditt. Nusselige mjuke dyr og baller!

    SvarSlett
  2. Har akkurat vært inne og kikka på prosjektet ditt. Kjempekoselige dyr i fine farger:)

    Ha en fin førjulstid selv om formen ikke er på topp:)

    SvarSlett
  3. Alle tiders prosjekt det der, må inn og sjå meir på den sida!

    Så spennande med baby i huset igjen : ) Vår veks og utviklar seg i kjempefart, som dei jo gjer i den alderen, og eg kosar meg i permisjonstilværet. Eg har enda til gode å kjede meg heime, har alt for mange prosjekt på gang til det : ) Kjedeleg med bekkenproblema. Eg hadde og bekkenløsning då eg gjekk gravid, men ikkje på krykkestadiet heldigvis. Får tru det går seg til fort etter fødsel. Ha ei fin adventstid!

    SvarSlett
  4. Hyggelig å høre fra deg, selv om formen ikke er bra. Kjempeflotte dyr du lager og det er godt å kunne bruke kreativiteten i en sofaperiode.

    Husk å ta med mobil når du går ut for å mate hønsene (nødalarm kaller jeg min)

    Ønsker deg en fin adventstid!

    SvarSlett
  5. Nå har jeg vært innom og sett på håndarbeidsbloggen din og er kjempeimponert! Så herlige dyr du lager. Falt pladask for den vanskelige grisen :-)

    Hyggelig med lenke til nettbutikken og bloggen i innlegget under, det setter jeg pris på. Lykke til i konkurransen! Jeg lurer på om du kan oppdatere linken i sidemenyen din også? Det behøver ikke stå /zenshop der lenger - nå holder det med www.igroshage.no Hadde vært supert!

    SvarSlett
  6. Takk, alle sammen! Har fiksa lenka, Gro, takk for tipset.

    SvarSlett