torsdag 9. april 2009

Me gjerder oss inne

Lenge sidan eg har skrive eit skikkelig innlegg no, det har vore travelt på mange frontar. Men no er det påskeferie og hagen står i fokus. Me har fått gjort mykje! På nedsida av huset er det sett opp stakittgjerde, så små jenter ikkje skal ramle utfor den stygge kanten ned i naboen sin hage. Veslepionen har sterk hang til ektremsport sjølv om ho ikkje eingong er to år enno. Ho klatrar gjerne utfor det brattaste stup og opp på den høgaste topp. Håpar gjerdet set ein stoppar for eskapadene nedover i alle fall.

Så har me endeleg fått begynt på hjortegjerdet! Fire stk armeringsnett 2x5 m er montert på høge staurar og sett opp på oppsida av hagen, mot skogen. Det er eit par opningar her og der, me må lage to portar og skal dessutan ha element av hasselflett innimellom. Over hovudinngangen mot skogen skal det vere roseboge (bortsett frå at den ikkje skal vere boga men rett), og på armeringsnettet skal det klatre klematis, humle og roser og bjørnebær. Innimellom skal de stå buskar og små trær, som hyll, eple, buddleja og andre ting. Ein vegg på over 20 meter, det gir uendelege plantemoglegheiter! Me er storfornøyde med armeringsnett som gjerde, det ser stramt og elegant ut men er samtidig relativt diskret og luftig. Stor takk til svigerfar som saman med mannen i huset har brukt fleire dagar på både stakittgjerde og armeringsgjerde.



I dag har eg også omsider fått henta dei siste plantene frå parsellen min. Dei blei ein stappfull bil denne gangen også... Men no er det slutt, resten skal få stå til dei som overtar den i vår. Eg har visst meir enn nok. Då me kom heim var det febrilsk aktivitet for å få ting i bed eller potter, og jammen kom eg nesten i mål også før kvelden var omme. Eg klarte sjølvsagt ikkje å motstå fristelsen til å dele mange av staudene opp i tusen bitar og potte opp alle saman... sukk, kan nokon fortelle meg kva eg egentlig skal med ti pottar sitronmelisse eller åtte kvite haustfloks?

I hagen blomstrar mykje no, her er eit lite utval.


6 kommentarer:

  1. Kjekt med gjerde mot hjort tenker jeg! Nydelige helleborusbilder. De er så pene :-)

    SvarSlett
  2. Flott bilde av plommeblomstene øverst!
    Gjerde mot hjort, det blir flott med buskas på innsiden.
    Kjekt at vesle Peon er aktiv men travelt for foreldrene.
    Jeg har også problem med å la være å lage så mange nye planter, når jeg ser at det kan la seg gjøre.

    Fortsatt god hagepåske til deg!

    SvarSlett
  3. Så herlig når man føler at man har fått gjort noe av det man har tenkt på. Her har det gått litt trått med malingjobben, men jeg driver med grunnarbeider, som også må gjøres... God påske til deg!

    SvarSlett
  4. Enig med deg. Hjorten er en sann plage, og så drar den den fryktede flåtten inn i hagen! Håper bare ikke den spiser opp det som etterhvert vokser på armeringsgjerdet ditt! Mye fint på siden din!

    SvarSlett
  5. Nydelege bilder, kva er sort er den nederst til høgre? Blir nok greit å få opp gjerder, ja, av ulike grunnar : ) Trøsta med hjort og flått er at flått som har vore på hjort, visstnok ikkje skal være farlege på same måte som anna flått...

    SvarSlett
  6. Takk for fine kommentarar, når me no berre får porten på plass så bli det snart hjortesikkert. Det nederste bildet til høgre er ein våriris (Iris reticulata, trur sorten heiter 'Harmony'). Anbefalast, nydelege blå juvelar!

    SvarSlett