fredag 19. juni 2009

Bilder frå før regnet

Joda, regnet kom og det ser ut til at brønnar og vasslager har blitt fylt godt opp. No blir det visst finver igjen i uoverskueleg framtid. Og temperaturar som minnar meir om sommar enn sur og kald vår. Eg syns at ein del ting i hagen står og stagnerar litt, så eg håpar no at ei god rotbløyte etterfulgt av litt varme vil sette fart på ting. Viser eit par bilder tatt ein solskinnsdag tidlegare i veka:





Heuchera sanguineum (purpuralunrot), Gladiolus communis (trur eg), Viola cornuta (hornfiol), Primula japonica 'Miller's Crimson', Aquilegia 'Nora Barlow', og så eit gruppebilde med to ulike raude heuchera og akeleia 'Ruby Port', og ei julerose i forgrunnen. Visst kler dei kvarandre?
Tillegg: eg syns bildene alltid blir så uskarpe når eg lastar dei opp i Blogger, andre som er plaga med det? Dei er skarpare i stor versjon om du klikkar på dei.

I år har eg planta ein del roser, mellom anna 'Souvenir de Dr. Jamain'. No ser eg at den har små oransje prikkar på blada, er det dette som er roserust? Eg har plukka vekk og kasta dei blada det gjeld, kryssar fingrane for at det ikkje vil smitte vidare.

tirsdag 16. juni 2009

Dagens bukett og fire storkenebbar

Eg ser at det skjer i år som i fjor; sommaren er her og eg er ute i hagen. Ikkje inne og bloggar. Men over ein månad sidan forrige innlegg - den var litt drøy. Det har jo tross alt skjedd ein del i hagen som burde dokumenterast, hjortegjerdet er ferdig, tre nye bed er anlagt, roser er planta, urtekarm snekra, og meir til. Første kull kjøttmeisar er flydd frå fuglekassa så sommaren er definitivt i full gang sjølv om dei varme temperaturane uteblir. Det har vore fint lenge, men nordavinden er til tider isande. I morgon er det meldt regn og det treng me. Plantene er tørste og brønnen treng påfyll. Slik det er no må veslepionens badevatn resirkulerast i kjøkkenhagen, og me må vaske opp med omhu. Kven skulle tru det var mogleg her i regnbyen? Men no skal det altså kome, regnet, og i mengder til og med. Kanskje det betyr eit par fleire blogginnlegg her frå Blåbærhagen.

Eg tok på meg å lage borddekorasjonar til sommarlunsjen på jobben i går, det er dagfiol og grasløk frå hagen her, og hortensia og skvallerkålblomar (!) knabba frå bakgården der festen fann stad. Det var åtte lave dekorasjonar som dufta vidunderleg, og eg tok dei sjølvsagt med heimatt sidan ingen ville ha dei. No står alle åtte samla i ei stor skål, og eg må seie det er ganske fint...



Og så eit lite utval storkenebbar som blomstrar no:


Geranium phaeum 'Raven'


Geranium phaeum 'Samobor'


Geranium reflexum


Her manglar eg namnet, men det er vel ein cinereum?