tirsdag 13. november 2012

Haustsalat frå kjøkkenhagen

Me har ikkje blogga mykje om kjøkkenhagen i år, men den har vore der. Ikkje stor, og ikkje særlig velstelt, men relativt produktiv. Neste vår skal eg virkelig sette inn støtet der, då skal eg ha permisjon og vere heime med minstemann som er venta i februar. Nettopp på grunn av denne minste er eg faktisk heime med sjukmelding no også, rygg- og hofteproblem gjer at dagane blir tilbrakt mykje i sofaen.

Men her om dagen halta eg meg ut til kjøkkenhagen for å dra opp eit par gulrøtter og plukke litt grønnkål, for å lage ein salat som me har ete mykje no i haust. Oppskrifta er basert på eit par ulike kjelder, men eg har etterkvart modifisert den såpass at eg kallar den min eigen og publiserar den her. Eg syns at det vanskeligste med kjøkkenhage er å faktisk bruke det du dyrkar, derfor skal forsettet for neste år vere å finne fram til gode oppskriftar som funkar i kvardagslivet, og samle dei her i bloggen. Dette er altså første:

Haustsalat med grønnkål, gulrot og eple


3 ss eplesidereddik
1-2 ss honning
1 ts sennep, f.eks. Dijonsennep
3 ss rapsolje
salt og pepper

6-7 store grønkålblad
2 eple (gjerne syrlege)
2-3 store gulrøtter

2 ss sesamfrø

Visp saman eddik, honning, sennep, olje, salt og pepper til ein dressing.

Finsnitt grønkålen og bland den i dressingen, la det gjerne stå og marinere ein times tid. 
Riv eple og gulrot og bland i. 

Rist sesamfrøa i ei varn, tørr steikepanne til dei er gyldne på farge, rør godt heile tida så dei ikkje blir svidd. Bland i salaten og server, gjerne til steikt fisk eller fiskekaker, då burde dette holde til ca 4 personar. Den held seg også godt i kjøleskapet til neste dag om det skulle bli rester.

Grønkål har godt av å stå og "trekke" ei stund i olje/eddikdressing synest eg, då blir den ikkje fullt så røff. Den er også veldig godt med noko søtt til grønnkål. Her er det honningen og epla som står for det søte, men det kan også vere godt med tørka frukt som rosiner eller aprikoser i ein grønkålsalat.