onsdag 24. oktober 2012

Glimt frå ein fin dag

Etter ein traurig og regntung september har me fått litt fint haustver no i oktober, og godt er det. Her er nokre glimt frå ein solfylt dag sist veke. 

Epletreet 'James Grieve' har fått lide under hjortetyranniet fleire år på rad og blitt beita godt ned. I fjor fekk det stå i fred etter at me sette opp to meter høgt gjerde mot skogen, og i år gav det stakkars vesle treet på knappe meteren åtte epler.



Kinasøten rakk å blomstre i år, det gjorde den ikkje i fjor. Den har lagt seg godt ut og dannar eit ubeskrivelig vakkert lite blomsterteppe i steinbedet, til glede for oss alle. Har du sett noko så blått?

Husets to minste på veg bort til hønsehuset med middagsrester - kanskje det finaste i hagen akkurat denne dagen.