søndag 26. februar 2012

Me feirar litt og loddar ut billettar til hagemessa

I starten av februar fylte faktisk denne bloggen fire år, og i dag passerte me heile 10000 besøkande! No har det til tider vore høgst sporadisk oppdatering her, men etter at min makker Ove kom inn som medbloggar har det blitt litt meir stell på sakene. Uansett syns me det er verdt å feire fire år, og har lurt på korleis me skulle markere det. Så var eg jo så heldig å vinne billettar til Hagemessa på Lillestrøm no i Moseplassen X-faktorkonkurranse. Men det er langt frå Bergen til Lillestrøm og det blir nok ikkje til at me reiser dit. 

Difor, etter samtykke frå Anne i Moseplassen, vil me heller lodde dei ut til nokon som har lyst og anledning til å gå. Er det deg? Legg igjen ein kommentar her på dette innlegget så trekker me ut ein vinnar neste søndag!

Og fordi ein alltid må ha med eit bilde når ein skriv innlegg i ein hageblogg kan eg jo legge ved beviset for at våren er nær her i Blåbærhagen - snøklokkene er på gang!

lørdag 25. februar 2012

Vår på trappa

Det lokale hagesenteret opna denne helga etter sin sedvanlege vinterdvale. Sjølvsagt med mange gode tilbud. Det blei ein liten formiddagstur ned dit, og eg hadde store problem med å bestemme meg for kva eg skulle velge til å pynte opp på trappa - iris, perleblomst, krokus, vårlyng? Det einaste eg var sikker på at eg ikkje ville ha var påskeliljer, dei vil eg helst spare til det faktisk er påske!

Men det blei ranunklar, i rødt, lilla og rosa. Vinterpynten på trappa er litt sliten no, men den skal få stå ei stund til enno for ranunklane gjør seg best mot den grøne bakgrunnen.
 Elles var det ein herlig dag i hagen i dag, sola var framme innimellom, det var mildt og trur du ikkje snøklokkene så smått har begynt å opne seg også! Eg trur kanskje me kan slå fast at våren er i gang.

torsdag 23. februar 2012

Fuglar i hagen

Som mange andre hagefolk er også me veldig glade i dei fjørkledde gjestane i hagen. Første vinteren vår i Blåbærhagen for fire år sidan var prega av mange timar i kjøkkenvinduet med utsikt til fuglebrettet, og stor glede kvar gong ein ny art stakk innom. Og såvidt eg huskar var det veldig mange ulike den vinteren. Dei siste par vintrane har det vore litt meir labert, og denne som snart går mot slutten har vore nesten reint kjedeleg på fuglefronten. Me har for det meste berre sett dei gode gamle travarane, men ein og annan meir uvanleg gjest har det vel også vore.

Som gode entusiastar vil me naturlegvis lære den oppveksande slekt til å sette pris på fuglelivet. Og det var Ove som i si tid kom på den gode ideen å dedikere ein vegg ved spisebordet til fuglebilder. I haust gjorde han alvor av planane. Me hadde brukt lang tid på å diskutere korleis me skulle gjere det reint teknisk (oppslagstavle? magnettavle? spikar på veggen?) og sidan eg har notorisk beslutningsvegring tok han til slutt saken i eigne hender. Heldigvis. Ein hyssing spent opp på veggen og ein pose med miniklesklyper viste seg å vere meir enn godt nok! 

Tanken er at kvar ny art som blir observert i hagen skal opp på veggen. Då er det å leite fram eit fint bilde på nettet, sette inn namnet og henge det opp. Fireåringen her i huset er for tida veldig glad i bokstavar og skriving, så namnet måtte vere med store bokstavar så ho kan sitte og kopiere det. Og me vaksne syns jo det er stas med dei latinske namna så dei måtte også inn. Etterkvart utvida me konseptet til også å gjelde fuglar me observerte frå hagen, det vil seie at då får me med dei meir uvanlege som gråhegra på veg til eller frå eit vatn nedi hogget her, eller ravnen som flyg høgt oppe i lufta over oss.
Så langt er me altså oppe i 17 artar, me håpar at det skal bli fleire. Me veit jo at det er andre i og rundt hagen, me har sett dei før, men me har ilagt oss sjølve strenge reglar! Det må nemlig ein ny observasjon til, og den skal behøring noterast i værdagboka - som egentlig har utvikla seg til å bli ei hagedagbok. 

Det er i alle fall stor entusiasme hos både store og små kvar gong ein ny fugl skal opp på veggen. Fireåringen har lært seg alle saman, og kan med ganske høg treffsikkerheit identifisere fuglane ho ser ute. Minstemann på to er ikkje så ivrig på pratinga enno, men han veit i alle fall utmerka godt at kråka seier kra kra! Så summa summarum kan me seie at fugleveggen har oppfylt intensjonen så langt, og at prosjektet skal vidareførast inn i 2012 også.

mandag 20. februar 2012

Finaleplass hos Moseplassen x 2!

Du verden så glad eg blei i dag då eg såg at heile to av bilda mine er vidare til finalen i Moseplassen sin X-faktor blomsterutgåva! Mange andre fine bilder er det også, tippar juryen har hatt litt av ein jobb med å plukke ut 24 finalistar frå heile 780 bidrag. Stor takk til Anne som har arrangert konkurransen som fekk heile Hagenorge til å krype ut frå vinterdvalen. Ta gjerne turen inn og stem på dine favorittar, her er finalistane mine:

torsdag 16. februar 2012

Skyggelilje

Siste runde i X-faktorkonkurransen hos Moseplassen er ein slags åpen klasse, for alle som ikkje passa inn i dei "vanlege" fargekategoriane. Eg har valgt meg ut skyggelilja, eg trur dette er Tricyrtis latifolia. Blomane er ganske små, men du og du så eksotiske når du ser dei på nært hald! Eg fekk denne som bytteplante frå nokon på Hagegal for eit par år sidan trur eg, og det verkar som om den trivst godt her. Eg likar den godt, og syns den passa inn i denne klassen med dei mørke prikkane på gul bakgrunn.

tirsdag 14. februar 2012

Oransje mure

No har eg holdt aktivt på med hage i om lag ti år. I løpet av den tida har eg hatt mange ulike planteinteresser, eg har drive og dilla med skjøre artar som må vinterdekkast og tas inn i varmen, frø som skal inn og ut av kjøleskapet eit antal gonger for å spire, roser som må stellast og nappast og pussast for å halde seg fine. Og no når eg i løpet av denne X-faktorkonkurransen hos Moseplassen skal velje ut dei finaste plantene mine i alle regnbogens fargar, så viser det seg at det er dei gamle travarane som stikk seg fram. Dei som held ut i åresvis, tåler alt og blomstrar i store mengder. Er det ikkje rart? 

Eg set i alle fall enormt stor pris på desse plantene som gjer at beda mine ser tålig bra ut, sjølv om eg kanskje ikkje har hatt tid eller ork til å luke, stelle og dille. Dagens plante er ikkje noko unntak, det er ei mure som sto her i hagen då me overtok. Det vil seie, eit par små blad stakk opp i ei krå i det einaste bedet som var igjen. Eg såg blada, og tenkte at her var det kanskje noko som var verdt å ta vare på, mellom all lungeurten og skvallerkålen. To heile sesongar tok det før planta hadde kome seg såpass at eg fekk blomar på den, og då var det altså denne oransje mura. Eg anar ikkje kva sort det er, den blomtrar relativt tidlegpå sommaren, ei flott grøn tue som sender opp mengder med blomar på 20-30 cm lange stilkar. Fin, ikkje sant?
 Og når me først er inne på oransje, så må eg berre vise fram dette bildet som dukka opp då eg leita etter dagens kandidat. Ein riktig drama queen av ein blomkarse, fotografert seinhaustes då sola var lav og kasta lange skyggar. Fin den også!

søndag 12. februar 2012

Lilla kubjelle

Eg må innrømme at eg har gått tilbake nokre år for å finne dette bildet, men eg syns det er så fint at eg har lyst til å ha det med i dagens lilla runde i blomsterx-faktoren hos Moseplassen. Kubjellene er riktig så skjønne, i tillegg til denne lilla har eg kvit og raud. Dei blomstrar tidlig med store, fargeintensive klokker, og det lodne bladverket er veldig dekorativt. Etter blomstring får den artige hårete frøhoder, det ser nesten ut som om den har iført seg parykk. Men denne, på bildet, er berre nett i ferd med å opne seg. Om eit par månader står den forhåpentligvis sånn igjen ute i steinbedet!

Fuglekassekamera


Da er jeg er iferd med å våkne opp etter vinterdvalen. Mens Elisa finner frem deilige bilder fra tidligere sommere har jeg bygd en fuglekasse. De siste årene har jeg hatt veldig lyst til å plassere et kamera i en fuglekasse slik at vi kan følge med på hva som foregår inne i kassen uten å forstyrre fuglene. Nå har jeg endelig gjort alvor av det og kjøpt et fiks ferdig kamera fra natur og fritid. Jeg kjøpte et sett med 30 meter ledning, men om du vil kan du og kjøpe et trådløst kamera plassert i en ferdig kasse. Kvaliteten på bildet er uttrolig! Inne i kassen er det selvsagt mørkt, men kameraet filmer med farger i stummende mørke.



Opprinnelig tenkte jeg å kjøpe et ordinært webkamera og ordne til ledninger og slikt selv, men når du får det ferdig slik som dette er det vanskelig å motivere seg til den jobben. Men, for å holde på imaget mitt som handyman, snekret jeg selvsagt kassen sammen med ungene for et par helger siden. Vi har tenkt å male den, men etter at et strøk med Visir brukte over en uke på å tørke i den kalde kjelleren vår, utsetter vi malingen til etter hekkesesongen. Det begynner å haste med å få kassen på veggen, kjøttmeisene i hagen er alt blitt våryre og jeg ser de flyr rundt de kassene som henger oppe med hekkeklare blikk.

I de to fuglekassene vi har hatt oppe siden vi flyttet inn i Blåbærhagen har vi kun fått besøk av kjøttmeiser og blåmeiser, så hullet i denne kassen er på litt over 3 cm som da skal passe til dem pluss noen til. For å være sikker på at det ble plass til fugler og kamera lagde jeg kassen større en den trengte å være. Som dere ser på bildet er videokameraet plassert i lokket og selve kassen festes på husveggen langt unna kattene. Så er det bare å trekke ledningen inn gjennom et hull i veggen og rett inn i tven. For et par dager siden kjøpte jeg en artig liten omformer som gjør at jeg kan koble kameraet til pcen via USB porten. Om jeg får til å legge ut et levende bilde på bloggen, det gjenstår å se, men bilder skal det ihvertfall bli. Inntil videre gleder vi oss til å følge med på familielivet til fuglene våre!

                                                        - Ove

fredag 10. februar 2012

Rødt

Det var ikkje lett å velge seg ein raud favoritt. Eg innser at eg kanskje ikkje har så mange reint raude blomar i hagen, og dessutan er det ein vanskeleg farge å ta bilde av. Ofte blir fargen for mørk eller for blass, og eg syns aldri eg får den punchen som det raude har i verkelegheita. Men eg har gått gjennom det eg har og har kome fram til to kandidatar. Ein dahlia, den kom frå Planteklubben og er ein gamal sort Den er litt beskjeden i grunnen, den blomstrar liksom nedi bladverket og blomane henger litt med hovudet. Men om ein ser godt etter så er den faktisk veldig fin.

Men så tenkte eg som så, at det sikkert er drøssevis med raude georginer med i konkurransen. Kanskje det er tide å velge noko litt utradisjonelt? Då dukka bildet av denne takløken opp. Her er planten såvidt begynt med blomstringa, og eg syns det raude bladeverket er så fint mot alt det grå i steinbedet. Eg veit ikkje heilt kva for takløk det er, eg mistenker at den kom hit i ein sekspakning med sukkulentar frå hagesenteret då steinbedet var nyanlagt. Fin og spredningsvillig er den i alle fall. Steinbedet ligg rett utanfor kjøkkenvinduet vårt, på toppen av ein støttemur som er omlag halvannan meter høg. Då kjem plantene nesten opp i augnehøgde, veldig praktisk når det sånne småttisar som denne. For detaljane er jo så fine, men så vanskelege å sjå på avstand. Så i dag blir den raudblada takløken mitt bidrag i konkurransen hos Moseplassen!

onsdag 8. februar 2012

Duppesoleie

I dag er det kvit runde hos Moseplassen, og då blir duppesoleia bidraget frå Blåbærhagen. Eg har visst pådratt meg ein influensa eller noko i den dur, og er ikkje i form til å seie så mykje meir om den. Men eit bilde seier som kjent meir enn tusen ord, og me kan vel slå fast at duppesoleia er fin!

mandag 6. februar 2012

Gult

Eg har ofte sagt at eg ikkje er så veldig glad i gule blomar i hagen. Likevel syns eg det har vore vanskeleg å bestemme kva for bilde eg skulle velge til den gule runden i Moseplassen sin fargekonkurranse. Og det seier vel noko? Her er dei eg skal velge mellom (for eg har ikkje bestemt meg enno no når eg byrjar på innlegget!)
Den sitrongule ballblomen fekk eg hos bestemor mi for ein del år tilbake.Den får ofte ein grønn kant langs kronblada, du kan såvidt skimte det på bildet. Eg syns det er så fint!Denne blomstrar kjempemasse i mai/juni. For eit par år sidan døydde bestemor mi, nettopp i juni. Så kvart år når ballblomane står i flor syns eg dei er sånn eit fint minne om henne. Etter blomstring pleier eg å klippe ned heile planta, då blir det snart ei fin grøn tue i bedet og på hausten kjem det ofte ei blomstring til. Denne er kjempefin til snitt, blomen står lenge i vase.

Den gule sverdirisen er noko av det mest livskraftige eg veit, ordentlig staskar. Ekstra fin vart han saman med den blålilla julistorkenebben. Eit tilfeldig men vellukka naboskap, får ein seie! Dette naboskapet skal me vidareutvikle ved å plante desse to saman med stormarikåpe langs den nyleg rydda bekken vår. Gult, blålilla og limegrønt trur eg blir bra - også har me jo desse staudene i såpass store mengder at me kan nå over eit godt stykke.




Så er det denne primulaen. Eg er litt usikker på kvar den kjem frå og kva det er for ein. Enten er det ein sjølvsådd frøplante av Primula waltonii (den rosa de skimtar i bakgrunnen nede til høgre) ellers er det ein frøplante eg fekk hos nokon (Mariann?). Eg huskar det var ein heil del små primulaplanter som kom i hus for eit par år sidan, men huskar sjølvsagt ikkje namnet på alle. Attmed den gule står det to til av same art, ein oransje og ein litt gusjerosa. Ein av desse tre (huskar ikkje kva for ein) duftar aldeles nydeleg. Uansett, denne lysegule er veldig søt, og den blomstrar lenge også.

Så gjenstår det berre å velge. Og no når eg har skrive meg gjennom det og sett nøye på bilda, så trur eg faktisk det må bli primulaen. Ikkje den knallaste gule, men sart og fin. Og så er jo faktisk ballblomen med i bagrunnen!

Mange fleire gule favorittar finn du hos Moseplassen.

TILLEGG: Mariann skriv at ho sådde Primula alpicola for nokre år sidan, det er sannsynlegvis den eg har fått som sidan blomstra så fint og gult i sommar. 

fredag 3. februar 2012

Splish Splash


Ny runde i fargekonkurransen hos Moseplassen, denne gongen er det blått som gjeld. Då tar eg fram denne storkenebben, 'Splish Splash' som den heiter. Vanlegvis er eg ikkje så glad i variegerte blomar, men eg er altså svak for denne. Dels fordi eg likar storkenebbar og dels fordi den har vore med meg så lenge. Det var ein av dei første plantene som kom i jorda i den nye hageparsellen min tilbake i 2005. Eg var sultefora på haging, og så uendeleg glad for dei 50 kvadratmeterane som eg fekk tildelt den våren. Denne storkenebben fekk eg som frøplante av ein eller annan frå Hagegal trur eg, eg huskar ikkje heilt kven det var. Planta i seg sjølv kan fort bli litt lang og slengete, men blomane er jo veldig søte. Spesielt når dei får så fint besøk som her i juli i fjor.

No har eg adskillig meir enn 50 kvm å boltre meg på og Splish Splashen har fått selskap av mange fleire stauder, flesteparten av dei har eg fått eller bytta til meg frå hagemennesker over heile landet. Det gjør plantene ekstra verdifulle for meg!

Mange andre fine blå blomar er å finne hos Moseplassen i dag og i morgon.

onsdag 1. februar 2012

Tilbakeblikk til mai: rosa småhjerte

Moseplassen lyser ut storstilt konkurranse over heile fargespekteret, og me kastar oss med. Første farge ut er rosa, og då er dette bildet frå mai 2011 min soleklare favoritt. Det er småhjerte (Dicentra formosa), ein gamal travar som er ein av dei mest villige staudene me har. Dette er den smålåtne fetteren til løytnantshjertet, og begge har vore favorittar hos meg sidan eg var lita jente og oppdaga dei i hagen til bestemor mi. 
Det fins fleire hybridar av småhjerte, eg har 'Langtrees' som er kvit og har hatt den praktfulle 'Bacchanal' som dessverre gjekk ut hos meg. Men denne rosa er den vanlege som fins i mange, mange norske hagar. Den sto her i hagen då me flytta hit, ein av dei få staudene som hadde overlevd årelang forsømmelse. No har den fått betre kår igjen, og lønar oss godt med nydeleg blomstring heile sommaren gjennom. Dei rosa blomane er spesielt fine mot det blågrøne bladverket, og eg kan absolutt anbefale både blad og blomar til snitt. I det heile tatt er dette ein vinnar på mange område, det einaste en må passe på er at den kan vere litt vel villig i enkelte tilfelle.

Ta gjerne ein kikk på dei andre rosa konkurransebidraga hos Moseplassen!

- Elisa