torsdag 27. mai 2010

Prosjekt steintrapp

Det har vore mange festdagar i mai, både av det nasjonale og det familiære slaget. Travle tider, men moro også. Særleg når det har vore så fint ver at mykje av feiringa kan foregå i hagen! I påvente av at hjortegjerdet skal dekkast av klematis og gullhumle pyntar me med heimesydde vimpelrekker i staden.
Eg har ikkje vore like motivert for hagearbeid i år som tidlegare vårar, er det ikkje typisk no som eg er heime i pemisjon og alt... Men litt får me gjort, og eit av prosjekta er steintrapp i ei skråning. Steintrappa er av det ytterst enkle og rustikke slaget, men den fungerar fint både som avgrensning av skyggebedet mitt og ein stad å bevege seg opp og ned mellom kjøkkenhagen og hønsehuset.
Steinane er lagt på plass, men det gjenstår ein durabeleg lukejobb. Tidlegare var det ikkje nokon barriere mellom bed og "plen", så det har blitt ei ganske flytande overgang kan ein vel seie. Me stakk hol i torva til steinane, og no må eg berre få vekk det som er igjen på innsida. Tanken er å bruke ulike bunndekkjarar mellom steinane og oppover i bedet, eg vil ha eit litt halvvilt inntrykk her. Bedet er eg for øvrig veldig fornøyd med, det oppsto nesten heilt av seg sjølv her nedanfor eit kratt med snøbærbuskar.
Her har eg hosta, brunnera, tellima, geranium, astilbe, dicentra av ulike slag, og kvite martagonliljer. Og ein heil del meir, blant anna fleire ulike bregner som sto der frå før, samt eit par modegrodde stubbar. Ein del av plantene har sølvfarga eller blålig bladverk, og det meste er kvitblomstrande. Syns det er ganske fint sjølv, og gler meg til eg har fått renska opp skikkelig no. Bilda er tatt for ei veke sidan, det er allereie adskillig meir frodig blitt både det som skal vekse og det som skal vekk. Her er det altså berre å brette opp erma og gjere klar lukegaffelen!

torsdag 6. mai 2010

Gjev eg var i eit varmare land

Ikkje så mykje varmare kanskje, men eg skulle vore i eit heilt anna land i dag. Askefast, heiter det visst no. Håpar me kjem avgårde i morgon i staden, me har jo tross alt eit flunkande nytt familiemedlem å vise fram til resten av slekta der borte. I mellomtida kan eg jo vise fram litt av det som har foregått i kjellaren den siste tida:





20 små kyllingar har me no, i alle slags fargar ser det ut til. I utgangspunktet er alle tenkt til bordet, men me får sjå. Kanskje hønseflokken får eit par tilskot.

Mange syns me er hardhjerta som alar opp kyllingar til mat sjølve, personleg vil eg mykje heller ete ein kylling som har sprunge rundt på grønt gras enn ein broiler frå frysedisken som har levd i eit bur. Det er første gongen me klekkar ut sjølve, det gjekk i grunnen ganske bra og me satsar på at det blir ein årviss tadisjon. Enn så lenge held dei til i ein stor kasse i kjellaren, når det blir litt varmare i veret skal dei få kome ut og då må me tenke ut ei løysing med mobil luftegard, slik at me kan flytte dei rundt på graset samtidig som dei har ly for kråker, hauk og andre farer. Det er noko eige med kyllingar altså, få ting som er så søtt!