tirsdag 27. april 2010

Sol i ei lita potte

I fjor og i forfjor var eg så heldig å få vere med på hagebesøk hos Roy og Lin, dei har ein fantastisk vakker og velstelt hage her i byen. Roy er hollender, og velkjent i hagesirklar for løkblomstringa si. Tulipanane var høgdepunktet begge gongane eg var der, og det var virkeleg eit syn. I fjor hadde dei balkongkasser fulle av narsissen 'Rip van Winkle', avblomstra då eg var der. Eg fekk ein pose løkar frå kassene med meg heimatt, og gleda meg til blomstring i Blåbærhagen. Men i fjor haust var jo ikkje hagelysta på topp hos meg, versjuk og gravid som eg var. Både desse og mange fleire løkar blei liggande i kjellaren, og plutselig kom snøen i desember... me vei jo alle at den varte og rakk, og dei blei ikkje eingong mogleg med panikksetting av løkar i romjula, slik det pleiar vere. så stakkars Rip fekk hard medfart og mange av løkane tørka rett og slett inn. Men eg var optimistisk og planta dei i ei potte på seinvinteren. Og eit par av løkane overlevde vanstellet og no står det ein blom i potta og ser ut som sola sjølv!

Eg innser at Blåbærhagen aldri vil kunne bli like velstelt og ordentlig som Roy og Lin sin hage. Her set skogen, terrenget og bergknausane sitt preg og me får aldri noko formelle parterrebed eller feilfrie plenar, uansett kor sterkt mannen i huset ønskar seg det. Men alt har sin plass, og det einaste me kan gjere er å spele lag med villmarka rundt oss og oppnå ein slags halvvill tilstand i hagen. Og det trur eg nok me skal lukkast med!

Klarar ikkje la vere å legge inn eit par fleire helleborusbilder:


tirsdag 13. april 2010

Våren er her

Det er sol og det er vår og alt er herlig! Dette har me lengta etter. Me har grilla for første gang i år og mestedelen av tida blir tilbrakt ute. No blir det berre eit kjapt innlegg med vårbilder for eg vil ut i sola igjen, men me har mange prosjekt på gang som eg skal skrive meir om når regnet kjem...



onsdag 7. april 2010

Ikkje akkurat påskekylling

... men gul og fin er han i alle fall! Hønseflokken har fått tilskot av ein hane og to høner av rasen Orpington, kjempestore tjukke høner som er veldig rolige og tamme. Me har i grunnen hatt lyst på sånne lenge, men først no fekk me tak i. Det verkar som om dei ikkje har vore like frittgåande som våre der dei budde før, for dei er usedvanlig klumsete ute i kupert terreng. Dei andre hønene smett omkring over stein og under grein, lette på foten og kjappe som berre det. Orpingtonfolket derimot gjør nok best i å halde seg i åpent lende. Men dei kjem seg dei og, det har vore stor framgang i løpet av dei to-tre vekene dei har vore her i Blåbærhagen. Hanen minnar meg om ein viking, det må vere noko med den raudblonde fargen trur eg, og hakelappane som ser ut som eit skjegg. Han er i så fall ein ytterst fredeleg viking, og han er ikkje så ille til å gale heller.

Eg ser det er lenge sidan eg har skrive no, men eg kan love at både folk og fjørfe er glad for snøfri hage! Det er aldeles skjønt å kvile augene på noko anna enn det evinnelige kvite, og ei lise å sjå alle blomstrande vårløkar som har dukka opp frå under snøen. No blomstrar snøklokker, klosterklokker og krokus, og jammen har ikkje helleborusen begynt også! Den får eg legge ut bilder av seinare, for eg må ut og ta nokre nye no som som den faktisk har opna seg. Eit par lerkesporer står også med knoppar, får me nokre soldagar no så kjem nok dei også. Og det er visst lova nettopp sol frå søndag, kryssar fingrane for at det slår til!