tirsdag 16. mars 2010

Dette lovar ikkje bra

Kanskje ikkje så lett å sjå, bildet er tatt på lang avstand, men katta i huset sit altså oppå fuglekassa. Kan det vere difor blåmeisane som hekka i denne kassa i fjor plutseleg forsvann? Pusen har blitt ein ytterst habil musejeger sidan me flytta hit til skogkanten og eg er redd ein og annan meis har stroke med også. Her må me tenke tiltak.

søndag 14. mars 2010

Retrospektivt

I fjor var våren også sein, ser eg i arkivet. Men for to år sidan hadde eg blomstrande krokus og snøklokker i hagen på denne tida, bildet er tatt ein gong tidlig i mars 2008 og viser det som sannsynligvis er Crocus chrysanthushybriden 'Cream Beauty', den sto her i hagen når me flytta hit og eg har prøvd å spre den litt utover. Får sjå i år om eg har lukkast.


I år ligg snøen enno djup men den er heilt klart på retur. I dag har eg vore ute og faktisk gjort litt hagearbeid, eg grov fram tre av julerosene mine i håp om at dei då vil komme litt tidlegare i blom. Det var knoppar der, så det er håp! Etterpå sat me i solveggen, åt appelsin og nytte strålene. Neste veke er det meldt regn, då håpar eg Kong Vinter får nådestøtet for denne gang.

mandag 8. mars 2010

Høner i snøen

Det tok lang tid før den vesle hønseflokken vår våga seg utanfor huset sitt etter snøen som falt i fjor. Men med snørekord i Bergen og kvitt dekke i over to månader hadde dei i grunnen ikkje noko val tilslutt om dei ville ha frisk luft. No har dei to matronene i flokken blitt riktig så eventyrlystne og spaserar seg gjerne ein tur der det er måkt. Dei er begge av rasen australorps, store, tjukke, rolige høner som kan bli veldig tamme. Dei legg lysebrune egg med god storleik. Er dei ikkje fine?



Forrige veke hadde me besøk her i hagen, av det slaget som ikkje er velkoment. Eg kasta tilfeldigvis eit blikk ut vinduet og fekk både åndenød og hjerteklapp når eg såg hønsehauken som sat på ein av staurane i hønsegarden! Heldigvis er det nettingtak over garden, ellers kunne det gått riktig gale. Vanlegvis går jo hønene relativt fritt i utkanten av hagen når me er heime, men det spørs om ikkje me må passe betre på i framtida no når hauken har oppdaga dei. Utriveleg. Men når det er sagt så er det jo eit privilegium å bu så nært byen som me gjør og likevel ha moglegheita til å sjå slike fantastiske dyr i vår eigen hage. For flott var den!