fredag 26. februar 2010

Hortensiakniplingar

På eit blomstermarked i Paris kom eg over ei bod som solgte hortensia i alle variantar. Alan Titchmarsh skildra ein gong eit peonbed som eit glimt ned i ei kvinnes undertøyskuffe - blonder, rysjer og pastellfargar i overflod. Treffande. Det passar også på desse hortensiene, synest eg, kan det bli meir sukkersøtt enn dette?



tirsdag 23. februar 2010

Det er håp

Så kom det meir snø, her er rosebedet mitt:


Sånn skal det vel ikkje vere her på Vestlandet, det er ein grunn til at me bur her og ikkje i meir vinterkalde strøk. Me likar regnver og milde vintrar! Det er snart mars og snøklokkene burde vere på veg opp av jorda, enkelte stader kunne krokusen nesten vore i blom allereie om ein legg godvilja til. Hadde det ikkje vore for denne snøen.

Men den biologiske klokka til enkelte av oss her i Blåbærhagen tikkar visst mot vår. I dag var det nemlig fem egg i hønsehuset, det er ikkje verst i ein flokk på seks høner! I heile vinter har det vore berre eitt egg om dagen, dei siste to vekene har det auka til to eller tre, og no har altså heile fem høner sett i gang produksjonen. Det må vel vere eit rimelig sikkert vårteikn? Fornuften i meg veit jo at kalenderen går sin gang, men likevel kjennest det som om denne vinteren aldri skal ta slutt. Så fem nydelige egg som venta på meg i dag gjorde ventetida litt lettare. Visst er dei vel fine?

tirsdag 9. februar 2010

Eg vil ha verskifte!


Det er nok no. Eg ønsker meg regn. Sipregn og lave skyar, skodde og plsusgrader. Fuktigheit. Frisk duft av mose og jord i nasen, vassdropar i håret, gummistøvlar på beina. Kan eg få det?

Men vinterhagen er fin, eg gir han det. Skjora sine spor som små saumar i snøen, dei blå tonene i snøen, bare kvistar som kniplingar mot klar himmel.



Og det er jo faktisk varmt i sola! Kakao og appelsin utgjorde årets første måltid i hagen i år, og det smakte.


Fuglane er flittige spisegjester enno, me håpar på fleire arter enn dei vanlege meisane og raudstrupen. Eg trur me har hatt grønnsisik på besøk dei siste dagane, kanskje blir den varmare i trøya snart og viser seg litt tydelegare. Kokosnøtta er i alle fall uhorveleg populær blant blåmeisane.

Gjett om eg kosar meg med det nye kameraet?