onsdag 23. desember 2009

Ei (jule)rose sprunge

Ja, eg juksar litt. Bildet er tatt i vår, men det er likefullt ei julerose og med den vil eg ønske alle god jul! I Blåbærhagen har me godt over 20 cm snø, og har frå no av tenkt å halde oss her i ro og fred resten av julehelga. Fire slag julekaker er bakt, julevørterbrødet står til heving, spiced beef skal på kok i morgon tidleg og pinnekjøttet ligg snart i vatn. Julegrana står i kjellaren og skal opp i stova i løpet av kvelden for pynting, og småfuglane har fått ut heimelaga luksusmeisebollar. Mannen i huset har vaska golv og bore ved. Eg trur me er klare. Håpar alle som les dette får ei julefeiring akkurat slik dei ønskar seg den!

torsdag 17. desember 2009

Kransar

Eg laga meg eit par kransar her om dagen, med materialer frå skogen og hagen. Det einaste som ikkje kom herfrå var ei grein med kristtorn som me henta hos søstra mi som bur i kristtornland. Me var der helga for to veker sidan for å hente juletre i skogen, ein nyetablert tradisjon som me håpar skal bli langvarig. Ho bur på eit småbruk med tilhøyrande skog og der er ein del smågraner også. I og med at skogen mild sagt er i brattelia kunne ikkje eg vere med med opp i år. Men mannen min ordna saken, og var flink og tok med kristtorn til meg også. Han veit kva eg vil ha, den fyren! Gran og kristtorn vart parkert utanfor huset ved nedkomsten frå fjellet mens ekspedisjonen fòr inn for å varme seg på kaffi og julekaker, det var surt og sterk vind den helga. Trur du ikkje kristtorngreina mi blåste metervis avstad rett inn i kalkungarden der den umiddelbart vart hoppa på av to svære bronsekalkuner som syns bæra såg veldig fristande ut... Resultatet var at eg har omlag seks bær igjen på kransen min.


I slle fall, den store kransen som heng på inngangsdøra er mose på halmkrans, blåbærlyng, tyttebærlyng, einer med bær, gravmyrt, lav og kristtorn. Så ville eg lage ein til, den er enklare men med stort sett same materialer berre på ein krans av vridde kvistar. Den heng på hønsehuset, fjørfeet set nok pris på litt julestemning tenker eg.


lørdag 12. desember 2009

I går...

...var ein nydeleg dag, det beste var nesten tåka som kom veltande opp frå dalen på morgonen. Eg gjekk ut og tok nokre bilder, og prisa meg igjen lukkeleg for å ha skogen 30 meter bak huset. Til og med no som eg er så dårlig til beins kan eg få meg gode uteopplevingar utan å anstrenge meg for mykje.





torsdag 10. desember 2009

Når me lengtar mot vår

Her i huset fann me ut at det var på høg tid med skikkelig backup av alle foto, og etter anbefaling frå ein kollega som kan sine ting har me valt smugmug.com. Sofabunden som eg er er overføring av bilda ypperlig aktivitet for meg om dagen, det tar si tid å laste opp eit par år med foto... Det blir fine gjensyn med gode minner, og veldig oversiktlig å organisere alt sammen i eit elektronisk album. Nokre finesser får ein med på kjøpet, som f.eks. lysbildeframvisningar ein kan lime inn i bloggen! Så her er blomstring frå april i år, eg ser det og gler meg stort til neste vår...

torsdag 3. desember 2009

Adventspynt frå skogbunnen

Anne på Moseplassen oppfordrar til å legge ut bilder av dekorasjonar, kransar og slikt i desse juletider. Og det kan ein jo! Som ho peiker på er det mykje sånt ute og går i bloggane no, sjølv er eg nok ikkje like opptatt av å pynte, stæsje og style som mange andre. Me har ein gamal adventsstake i messing, ganske kjedelig i grunnen. I år ville eg gjøre ein ny vri så eg fann fram eit gamalt Figgjofat eg kjøpte på loppis for mange år tilbake, og stavra meg ut i skogkanten for å sanke materialer. Mose, blåbærlyng, lav, mispelbær, gravmyrt, nokre furukongler og eit blad frå ei av julerosene får gjøre nytta denne gongen. Den gamle staken blei satt oppi fatet og dekka av alt det grøne, blada og lyngen dandert rundt om kring og vips så var det noko nytt. Sikkert ein smule brannfarlig men då får me heller passe godt på.

Bilder inne er vanskeleg i denne mørke tida, men eg gjorde eit forsøk, og jammen kom ikkje skuggen av julestjerna med også, heilt til venstre!