mandag 27. april 2009

Ingen liten Bagatelle dette, nei

Det har vore altfor fint ver til å sitte inne og blogge, og dessutan travelt på mange frontar. Ei langhelg i Paris har me likevel fått tid til... Forsinka bryllupsreise kan ein kanskje kalle det. Etter at kvalene med å reise frå nesten-toåringen i tre heile netter hadde gitt seg, klarte eg jammen å nyte det også. Kven skulle tru eg skulle bli ei slik hønemor? Veslepionen og mormora hadde ei strålande helg i lag, og jentungen hadde ikkje ein gong folkeskikk nok til å spørre etter foreldra sine. Men men, ho blei veldig glad for å sjå oss igjen og det var jo endå godt.

Paris var sjølvsagt fint, det mest interessante på hagefronten var Parc de Bagatelle. Me blei begge veldig begeistra for dei espalierte frukttrea i kjøkkenhagen, har lyst til å prøve oss på noko slikt her også. Er det ikkje fint?




Løkblomstringa var på sitt beste mens me var der, vil eg tru. Sjølvsagt gjekk batteriet på kameraet ganskje kjapt, men eg fekk foreviga litt i alle fall.


Ein trepeon hadde så smått begynt å blomstre:



Kirsebærblomstringa i heile byen kunne ta pusten frå nokon og ein kvar, dette treet i Parc de Bagatelle gav ly for ei stakkars sliten Blåbærdame...



Og påfuglane, påfuglane! Kan det bli meir pittoresk enn denne fuglen i dette lysthuset?



Me tok våren ein smule på forskudd med denne turen, og det var jammen fint. No er våren komen for fullt i Blåbærhagen også, meir om det etterkvart!

torsdag 9. april 2009

Me gjerder oss inne

Lenge sidan eg har skrive eit skikkelig innlegg no, det har vore travelt på mange frontar. Men no er det påskeferie og hagen står i fokus. Me har fått gjort mykje! På nedsida av huset er det sett opp stakittgjerde, så små jenter ikkje skal ramle utfor den stygge kanten ned i naboen sin hage. Veslepionen har sterk hang til ektremsport sjølv om ho ikkje eingong er to år enno. Ho klatrar gjerne utfor det brattaste stup og opp på den høgaste topp. Håpar gjerdet set ein stoppar for eskapadene nedover i alle fall.

Så har me endeleg fått begynt på hjortegjerdet! Fire stk armeringsnett 2x5 m er montert på høge staurar og sett opp på oppsida av hagen, mot skogen. Det er eit par opningar her og der, me må lage to portar og skal dessutan ha element av hasselflett innimellom. Over hovudinngangen mot skogen skal det vere roseboge (bortsett frå at den ikkje skal vere boga men rett), og på armeringsnettet skal det klatre klematis, humle og roser og bjørnebær. Innimellom skal de stå buskar og små trær, som hyll, eple, buddleja og andre ting. Ein vegg på over 20 meter, det gir uendelege plantemoglegheiter! Me er storfornøyde med armeringsnett som gjerde, det ser stramt og elegant ut men er samtidig relativt diskret og luftig. Stor takk til svigerfar som saman med mannen i huset har brukt fleire dagar på både stakittgjerde og armeringsgjerde.



I dag har eg også omsider fått henta dei siste plantene frå parsellen min. Dei blei ein stappfull bil denne gangen også... Men no er det slutt, resten skal få stå til dei som overtar den i vår. Eg har visst meir enn nok. Då me kom heim var det febrilsk aktivitet for å få ting i bed eller potter, og jammen kom eg nesten i mål også før kvelden var omme. Eg klarte sjølvsagt ikkje å motstå fristelsen til å dele mange av staudene opp i tusen bitar og potte opp alle saman... sukk, kan nokon fortelle meg kva eg egentlig skal med ti pottar sitronmelisse eller åtte kvite haustfloks?

I hagen blomstrar mykje no, her er eit lite utval.


lørdag 4. april 2009

Grågåsa

I dag såg me første flokk med grågås på veg nordover, to dagar seinare enn i fjor.