tirsdag 24. mars 2009

Plommeblomstring

Eg driv og eksperimenterar litt med driving av kvistar for tida. Forrige helg fekk eg med meg ein bunt eple- og plommekvistar etter at far min skar frukttrea sine. Han kappa også ned syrinene ganske kraftig så eg plukka med meg ein del av dei greinene også. Plommekvistane har altså stått inne i stova i ei veke før dei slo ut, er dei ikkje nydelege?



Syrinen står i knopp, mengder med knoppar faktisk, kanskje dei blomstrar til neste helg?


mandag 23. mars 2009

Om japansk inspirasjon og stiklingmagi

Det var ei bra hagehelg her hos oss, eg er snart ferdig med eit nytt bed og mannen i huset har begynt å rydde vekk smålønn og helvetesspirea frå sprekkane mellom nokre kampesteinar der me skal ha japansinspirert landskap. Her er eit før-bilde:
Her skal det stå ei japansk lønn (Osakazuki), ei kvitrogn og eit tredje tre som skal ha vakker blomstring, me har ikkje heilt bestemt oss kva det skal vere enno. Trea skal plantast i lommene mellom steinane, og dei skal klippast slik at dei held seg små. Me må også komme på ein bra bunndekkar, den skal helst vere grøn og frodig, gjerne moseaktig. Trur det kan bli fint!

I august klipte eg fire stiklingar av ei svær klatrerose som står hos mor mi. Den har vore på tunet i "alle år", sannsynlegvis sidan før andre verdskrig. Me har alltid trudd at det var 'New Dawn', men vår er ikkje remonterande. For ei stund sidan leste eg tilfeldigvis om ND sitt opphav, 'Dr. van Fleet'. Dei to rosene er like bortsett frå at sistnemnde berre blomstrar om sommaren. Så då er nok vår rose den, tenker eg.

Uansett, stiklingane blei sette i ei potte og stort sett glemt over vinteren. Nyleg oppdaga eg friske skot på dei, og jammen var det ikkje røtter på alle fire! I går potta eg dei om, og nok ein gang falt eg i stavar over dette med stiklingar. Du stikk ein pinne i jorda, og så får du ei ny plante. Det er heilt magisk... Eg kjenner at dette blir eit stiklingår, eg er heilt hekta. På badet står ti gule og ti raude kornellar til roting, i kjellaren fem vripil, og eg vil ha meir!

Og for øvrig har eg visst laga meg ein ny blogg, om ein annan lidenskapeleg interesse for tida; handarbeid.

torsdag 19. mars 2009

Helleborusbonanza

I dag har eg, Mariann og nefertiti vore på julerosesafari hos Arne Geir på Sotra. Han har samla på helleborus i 10-12 år og har eit stort antal planter. Ein fest for augene, var det. Eg har store problem med å velge ut bilder, så eg lastar like godt opp ei heil røys.











Det er mange andre spennande planter i denne hagen, andre som blomstra no var denne irisen som eg ikkje huskar namnet på samt Cyclamen coum i store mengder. Til høgre ser de blada på Cyclamen hederifolium, veldig flotte.


tirsdag 17. mars 2009

Om forventningar og fylte snøklokker

Når eg kjem heim frå jobb om dagane kjem eg meg ikkje inn i huset. Det er for mange ting eg må sjekke før eg kan gå inn, sjølv om middagen skulle stå på bordet... Har julerosa opna seg i dag? Kva kan den spira der vere? Kva farge var det egentlig på dei krokusane der?





I helga var eg heime heime hos foreldra mine. Mor mi har mengder med snøklokker i hagen, og i ei av tuene oppdaga eg eit par fylte blomar. Ho seier ho aldri har sett dei før, så det må vere ein sport eller ein sjølvsådd variant. Dei fylte som er å kjøpe må jo ha oppstått slik på eit eller anna tidspunkt, men eg anar ikkje om det er utbredt i vanlege hagar. Nokon som veit? Eg skal iallefall følge denne nøye framover med tanke på deling...


søndag 15. mars 2009

Under torva

Når ein rotar rundt i ein gamal hage dukkar det opp litt av kvart. Her i Blåbærhagen har det budd folk i over femti år, og det er tydeleg at ikkje alle hadde same haldningar til kjeldesortering som det me har... Det dukkar opp rot og skrot overalt, her er eit utval av det meir fotogene skrotet.








mandag 9. mars 2009

Ukjente løkar

Det var ei fin hagehelg og eg begynte likegodt å grave opp eit nytt bed... Dette blir ikkje så stort, litt halvsirkelforma inntil nokre store steinar. Her skal det vere gras av ulike slag, grasiøse sortar som vaiar i vinden. Eg skal også plante Knautia macedonica der, dei skal få veve seg inn mellom graset. Kanskje noko allium også, det må eg evt vente til hausten med å plante. Tenker også å sette Aconitum carmichaelii wilsonii der, dei er så flotte og blå seint på hausten. Høgreiste og staselege.

Frå før sto her grastustar, overgrodde astilber og ein eller annan hjelm. Og skvallerkål, sjølvsagt. Mens eg sto og grov opp denne herligheita dukka det plutseleg opp ein neve små, kvite løkar. Eg kan ikkje huske å ha sett noko slikt her i fjor, men dette liknar jo vitterlig på liljeløkar, gjør det ikkje? Eg tok dei i alle fall opp og sette dei i ei potte for å feite dei opp, så vil vel tida vise kva det er for noko.

lørdag 7. mars 2009

Eg gler meg

No står alle Helleborusane mine i knopp. Dei treng berre ei periode med mildver så er dei på plass, trur eg. Eg veit at eg har fem, men eg kan berre finne igjen fire av dei. Fattar ikkje kvar den siste har tatt vegen, eg kan ikkje heilt huske kvar den blei planta heller. Men skulle jo tru eg hadde sett teikn til den no… Hvis den har gått ut i vinter burde eg jo finne restar, vel? Så eg har eit lønnlig håp om at den kjem til å dukke opp ein eller annan stad.

Mars 007 Mars 008 Mars 005

Eg innvilga meg ein vinterferiedag på torsdag etter nøye overvåking av Yr. no. Det viste seg å vere eit klokt trekk då torsdagen var ein nydeleg dag mens fredagen, som var alternativet, var kald og våt. Så torsdag var årets første skikkelege hagedag. Eg begynte så smått å klippe på nokre tørre pinnar, og før eg visste ordet av det hadde eg rydda heile bedet for rusk, rask og restar. Det hadde eg egentlig tenkt å vente med i tilfelle det skulle bli skikkelig kaldt igjen. Men når eg først var i gang kunne eg like godt halde fram, så no er alle stauder klipt ned og klare for våren. Og dei første brunsneglane som sikkert snart dukkar opp får færre skjulestader i beda mine…

Mannen i huset rakte ein stor haug med mose opp frå plenen og kasta den inn i hønsegarden. Hønene var strålande fornøyde med det mjuke, grøne teppet sitt, hønsegarden var blitt temmeleg trist og gjørmete etter vinteren. Kyllingane frå i fjor haust er blitt store og stadig fleire kjem i verpemodus. Dei tre hanane har begynt å gale om morgonen så det spørs kor lenge dei blir verande. Men denne karen er så staseleg at der fristande å behalde han. Det er ein brun italienar, og han er foreløpig roleg og snill. Han passar godt på hønene og leitar fram godbitar til dei. Og best av alt; stemma er ikkje så kraftig så risikoen for å vakne til hanegal kl fire om natta er dermed ikkje så stor!

Mars 038

mandag 2. mars 2009

Sein vår i år

Våren kjem seinare i år enn han gjorde i fjor, ser eg når eg går gjennom gamle bilder. Det har vore kaldt lenge no. Klosterklokkene sto i ei potte på trappa i fjor, og blomstra når bildet blei tatt 11. februar. I år står dei i jorda og viser såvidt blomane sine. Men dei er ikkje utsprungne enno.


Bildet av krokusen tok eg 3. mars i fjor, eg huskar godt at eg ved eit uhell brakk ein av stilkane og tok difor inn blomen. Det var så fint at eg bestemte meg for å gjøre det til ein tradisjon å alltid ha ein einsleg krokus inne, eg har jo nok å ta av. Hvis dei berre ville kome fram, då... Men får me ei stund med mildver no så trur eg det vil hjelpe på.


Me tenker enno på dette med å kjøpe eigedomen bak oss som eg skreiv om for eit par innlegg sidan. Me har vel egentlig bestemt oss for å gi eit bud, men det er så lavt at eg er redd seljaren kjem til å le av oss. På den andre sida så har han jo ikkje fått solgt det enno, han har visst prøvd eit års tid, minst. Eg har vore i kontakt med kommunen som seier at det er bygge- og delingsforbud, dessutan går byfjellsgrensa akkurat her og det betyr at dei er enno strengare på det. Det er vel ikkje mykje av området som er byggbart, heller. Det meste er veldig bratt og utan vegtilgang. Med andre ord er det ikkje så attraktivt reint kommersielt sett, og dermed kanskje ikkje så lett å selje. Det finaste stykket er rett bak hagen vår, ei flate med ein del bjørk spreidd utover, eit par vasshol og mykje gras, mose og blåbærlyng. I mitt hovud er her sjølvsagt hagedam, miniarboret og drivhus allereie... Bildet under er tatt der, ved midtsommar. Fint, ikkje sant?