søndag 15. februar 2009

Oppstandelse i hønsehuset

Lite fargar i hagen for tida. Desto sterkare framstår gulfargen på denne laven, eit lyspunkt i all snøen. Det kom enno meir i natt, og eg er lei. Eg er med på at det er fint og lyst og vakkert og alt det der, men den gjør jammen kvardagen til eit slit også. Ut om morgonen med vogn og unge, ned bratte, glatte bakkar, må ta bussen fordi det er umulig å gå på føret, bussen alltid overfylt og forsinka, halse avgårde fra busstopp til dagmamma på ubrøyta slapsefortau, avlevere, springe til jobb og komme dit altfor seint. Utan fleksitid hadde det ikkje gått, men minustida må jo også jobbast inn igjen ein gong... uff og uff. Forhåpentligvis får me barnehageplass to-tre steinkast frå huset til sommaren, det vil nok lette på trykket.

I natt, eller grytidleg i dag, vakna eg av eit voldsomt leven frå hønsehuset. I ørska såg eg for meg rev eller andre blodtørstige rovdyr som gjorde kål på hønseflokken. Mannen i huset har vore vekkreist i helga, og eg var ikkje lysten på å springe ut i snøføyka i berre nattkjolen for å jage vekk udyra... men eg kara meg opp av senga og opna vinduet. Då innsåg eg at eg hadde glemt å stenge luka til hønsehuset i går kveld, og det såg ut som om ei av dei hadde forvilla seg ut... For at hønene skal få ei full daglengde med lys, kjem det på ei sparepære hos dei kl. fem om morgonen, den står på til det er naturleg lyst ute sånn i ni-titida. Så i hønsehuset var det flombelysning, og på ein av gjerdestolpane utanfor, med orkesterplass og fullt innsyn gjennom luka, satt altså den stakkars forvilla.

Men når eg fekk gnidd søvnen ut av augene var det tydeleg at det slett ikkje var ei høne men ei kattugle som sat der og stirra inn i varmen! Har aldri hørt om at kattugle har tatt høner, men kven veit, ho er sikkert sulten no i vinterveret. Og eg kan tenke meg at dei såg fristande ut, dei tjukke, gode hønene mine... Eg ropte og banka i glaset, ugla vrei hovudet omlag 180 grader og såg meg, så var ho straks lydlaust på vengene. Eg pusta letta ut og kraup under dyna igjen, men hønene roa seg ikkje før det hadde gått ei god stund. Dei må ha sett ugla frå innsida, og eg skal love at dei slo alarm.

Godt det ikkje var verre denne gongen, eg skal i alle fall bli flinkare til å huske å stenge. Det er heilt sikkert.

fredag 13. februar 2009

Utvide hagen med... tja, sånn ca 120 mål?

Eit av måla for 2009 er å få opp gjerde mot hjorten på vestsida av hagen, opp mot skogen. Men som eg har skrive før, har me vore litt i tvil om nøyaktig kvar dette gjerdet skulle gå. På grunn av terrenget er det absolutt enklaste å la gjerdet gå eit par meter utanfor tomtegrensa vår, over ein strekning på ca ti meter. Dette er jo på sett og vis å tuske til seg eit par kvadratmeter meir hage, men me tok mot til oss og skreiv brev til grunneigaren. Det er altså snakk om utmark, skog og fjell på utsida, grunneigaren bur ikkje her i nabolaget og er her heller aldri. Ingen brukar området bortsett frå oss.

Me sendte brev på mandag, og onsdag kveld ringte han! I løpet av ein hyggelig telefonsamtale fekk me ikkje berre grønt lys for å sette opp gjerdet der me vil, men også eit halvseriøst tilbod om å kjøpe eigedomen hans, altså 120 mål skog og eit “halvt” fjell i sentrumsnære strøk for 600 000... Eg må innrømme at eg likar tanken på meg sjølv som godseigar, det hadde satt haginga i eit nytt perspektiv! Eg var klar for å ringe banken med ein gong og hoppe i det, men eg har heldigvis ein nøktern mann som er sunnmøring og snur på femøringen.

Grunneigaren skal selje eigedomen uansett, det er regulert til LNF-område men gudane veit kva som kan skje i framtida. Så på ein måte hadde det jo vore flott å hatt hand om terrenget rundt oss sjølve. Kanskje me kunne sett igang med hjortejakt?

lørdag 7. februar 2009

Utsikt frå soverommet


I ettermiddag sto eg og strauk gardiner på soverommet, etter over eitt år i huset vil vel enkelte meine at tida var overmoden for å få opp gardiner i stova... Jaja, no er dei på plass i alle fall. Uansett, eg kom til å kaste eit blikk ut vindauget og falt i staver over Venus som strålte utover det kalde kvite landskapet. Som de ser er det snø her, og 6 kalde grader. Så vinterblomstringa frå forrige innlegg er nok tapt, diverre.


Hønene nektar å gå ut når det er snø. Så eg og jenta har vore ute for å muntre dei opp med litt havre, det likar dei godt. Og når dei er opptatt med å hive innpå ser jenta sitt snitt til å klappe litt på dei. Gode og mjuke å ta på.



Ho blir to år i mai og har nyleg oppdaga gleda ved å kunne kommunisere med ord. Så no kjem stadig nye gloser trillande ut. I dag tidleg kunne ho informere far sin om at det var hjort å sjå i lia på sida av huset (som de kan sjå på det øverste bildet) og heilt riktig, der var det to av sorten som tusla bortover.

Eg må seie eg er godt nøgd med å ha funne ein plass å bu der avkommet kan få førstehandskjennskap til hjort og pinnsvin, og kan lære seg å skilje mellom haner og høner i ein alder av eitt og eit halvt år.