fredag 30. januar 2009

Vinterblomstring

I dag tok eg ein kjapp tur i Muséhagen i Bergen, sola skein og det var godt å få seg ein luftetur i lunsjen. Som vanleg på denne tida blomstrar ein nydeleg rhododendon. Det står R. dauricum på namnelappen, men eg får ikkje opp særlig med treff når eg googlar det. Synd, skulle gjerne visst om det gjekk å få tak i denne. Det hadde absolutt vore noko å ha i eigen hage!



Elles blomstrar også trollhassel (Hamamelis), den gule står som ei fyrlykt og lyser. Dei har også ein raud som er kjempefin, den har berre nett byrja slå ut.


Lyng, snøklokker, vintersjasmin og juleroser blomstrar også.


Muséhagen vart anlagt i 1897 og er ei riktig perle. Eg har vore så heldig at eg har både budd, studert og jobba rett i nærleiken i åresvis så eg kjenner hagen ut og inn. Her har eg hatt mange fine stunder!

Tillegg: no fekk eg plutselig masse treff på rhododendronen, så kanskje det kan la seg gjøre å spore den opp likevel! Må ha stava feil sist eg prøvde...

tirsdag 27. januar 2009

Det sjette bildet i den sjette mappa

Så har denne utfordringa nådd meg også, via Helt på jordet. Oppgåva er då altså å vise det sjette bildet i den sjette bildemappa. Alle bilda mine ligg på den gamle pcen og foreløpig utanfor rekkevidde, så då brukar eg likegodt albumet mitt på Hagegal.


Bildet er frå parsellen min, og det er tatt i august 2006. Lilja heiter 'Pink Perfection' og blomstra det første året. Sidan har det berre kome stilkar med blad. Men løkane blei flytta hit til Blåbærhagen i haust og eg har håp om at blomane vil komme tilbake. Uansett er det eit fint sommarminne!

Eg sender utfordringa vidare til Pusepilde, Nefertiti og MariannG. Eg trur dei fleste andre hagebloggarane har fått denne, eller?

fredag 23. januar 2009

Verpesjuk

Lenge sidan sist no, her har me hatt problem med å komme på nett og den gamle stasjonære pcen er erstatta med ein blank og fin bærbar! Det tar litt tid å sette seg inn i ting og overføre alt frå den gamle til den nye maskina, men det var nok på tide med eit livsteikn i bloggen no.

Dagane er utvilsomt lysare for tida, eg merkar at det er slutten av januar. Eg veit godt at det kjem til å komme eit par vintrar til før våren er her, men den verkar likevel veldig nær på dagar som denne. Klart i veret, tørt på bakken og mildt i lufta. Snøklokkene til naboen er på full fart opp av bakken, og eg kjem over ei og anna spire hos meg også.

Den eine høna vår meiner visst også at det lir mot vår. Ho har vore veldig ivrig etter å kome seg ut av hønsegarden i det siste, og så snart ho har sett sitt snitt så har ho snike seg ut under beina på oss når me driv og steller i hønsehuset. Sist tenkte me at jaja, ho får vel berre tusle rundt i hagen ei stund sidan ho har så lyst til det. Kan ikkje gjøre mykje skade på plantene på denne tida av året. Høna for fluksens opp i buskaset bak hønsehuset og klukka rundt der ei stund før ho fann seg ei høveleg dumpe i bakken. Der la ho seg til og byrja nappe i tørre blad og kvistar og plassere dei rundt seg mens ho kurra fornøgd. Ho dreiv og bygde reir! Så no får ho kome ut av og til under oppsyn, så får me sjå korleis dette utviklar seg. Kanskje får me ei klukkhøne som vil ruge ut kyllingar? Det ville jo vere stas! Dette er ei blå australorphøne, ho verper nydelege caffe lattefarga egg. Ho er nesten tam som ein katt og fantastisk mjuk å klappe på...

fredag 2. januar 2009

Testar litt

Test test test...

torsdag 1. januar 2009

Eg er klar

I går og i dag har eg rydda planterommet i kjellaren, det var sårt tiltrengt ettersom det har vore kyllinghybel der i haust. Men no er kyllingburet demontert, hønsefor og havre stua vekk og alt støv relativt grundig tørka bort. Alle dei tomme pottene som blei lempa inn i haust er sortert og systematisert etter beste evne, og plantelyset er hengt opp! Foreløpig står eit par brett med buksbomstiklingar frå i fjor sommar under lyset. Det er berre eit fåtal av dei som har rota seg, eg trur nok det er på sin plass med litt ekstra lys og kanskje litt varme også. Dei ser friske og fine ut, så det er håp enno om lav buksbomhekk rundt det lange bedet mitt ein gong i framtida.

Eg fekk også pusla litt med fuksier, pelargoner og andre ikkjeherdige som blei regelrett dumpa i kjellarvinduet når første frost plutselig dukka opp. Får håpe to månader utan tilsyn ikkje har tatt knekken på nokon av dei. Eg syns eg skimta eit par bladlus så eg får vel stelle i stand eit grønsåpebad i morgon.

No fordriver eg kveldane med å gå gjennom frøbeholdninga, skrive sålister og snart skal eg sette i gang med såing. Det blir bra!